Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Salomos ordtak

29 

1 Den som ofte blir tala til rette og endå er stivnakka,

blir brått knust og kan ikkje lækjast.

2 Når dei rettferdige blir mange, gleder folket seg,

når ein urettferdig herskar, sukkar folket.

3 Den som elskar visdom, gleder far sin,

den som held lag med horer, øyder det han eig.

4 Ein konge byggjer opp landet med rett,

ein som lèt seg kjøpa med gåver, legg det i øyde.

5 Den som smiskar for nesten sin,

set eit garn for føtene hans.

6 Synda blir ei snare for den som er vond,

men den rettferdige kan jubla og gleda seg.

7 Den rettferdige kjenner saka til dei fattige,

men den urettferdige er utan innsikt.

8 Spottarar hissar opp heile byen,

dei vise får vreiden til å leggja seg.

9 Når den vise har sak mot den dumme,

blir det sinne eller latter, men inga ro.

10 Dei blodtørste hatar den som er from,

men dei rettskafne vil berga livet hans.

11 Ein dåre slepper alle sine kjensler ut,

den vise held dei att.

12 Ein herskar som høyrer på løgn,

får berre kjeltringar til tenarar.

13 Fattig og undertrykkjar møtest,

Herren gjev begge lys i auga.

14 Når ein konge dømmer dei fattige rettferdig,

står trona hans fast for alltid.

15 Ris og tilrettevising gjev visdom,

men ein gut med frie taumar fører skam over mor si.

16 Blir dei urettferdige mange, aukar synda,

men dei rettferdige får sjå at dei fell.


17 Oppdra son din, så gjev han deg ro

og fyller deg med glede.

18 Utan openberring fer folket vill,

sæl er den som held lova.

19 Ein slave lèt seg ikkje oppdra med ord,

han forstår dei nok, men bryr seg ikkje.

20 Ser du ein mann som er snar når han talar

– det er større håp for dåren enn for han.

21 Skjemmer ein slaven sin bort frå han er ung,

endar det med at han blir ulydig.

22 Den snarsinte valdar trette,

den hissige gjer mange feilsteg.

23 Hovmod fører menneske til fall,

men den audmjuke vinn ære.


24 Helaren hatar sitt eige liv,

dei tek han i eid, men han vil ikkje vitna.

25 Den som er redd menneske, set ei snare for seg sjølv,

men den som stolar på Herren, har eit vern.

26 Mange prøver å vinna velvilje hos ein herskar,

men eit menneske får sin rett frå Herren.

27 Dei rettferdige avskyr den som gjer urett,

dei urettferdige avskyr den som lever rett.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.