Gå til forsiden

Salomos ordtak

Femte samlinga

Ordt Kap. 3030

Agurs visdomsord

1 Ord av Agur, son til Jake. Til lærdom.


Slik lyder mannens ord: Gud, eg er trøytt,

Gud, eg er trøytt, eg greier ikkje meir.

2 Eg er dummare enn andre menn,

eg har ikkje forstand som eit menneske.

3 Eg har ikkje lært visdom

så eg kunne få del i kunnskapen til dei heilage.

4 Kven steig opp til himmelen

og steig ned att?

Kven samla vinden i si hole hand?

Kven lukka vatnet inne i kappa si?

Kven fastsette alle grensene for jorda?

Kva heiter han, og kva heiter son hans?

Veit du det?


5 Kvart ord frå Gud er reinsa.

Han er eit skjold for dei

som tek si tilflukt til han.

6 Legg ikkje noko til hans ord,

elles går han i rette med deg

og du står der som løgnar.


7 To ting vil eg be deg om,

nekt meg dei ikkje så lenge eg lever:

8 Hald løgn og svik langt borte frå meg!

Gjer meg korkje fattig eller rik,

men lat meg få den maten eg treng!

9 Elles kunne eg bli så mett

at eg fornekta deg og spurde:

«Kven er Herren

eller bli så fattig at eg stal

og krenkte namnet til min Gud.


10 Baktal ikkje ein slave for herren hans,

elles vil han forbanna deg,

og du må bøta for di skuld.


11 Det finst ei slekt som forbannar far sin

og ikkje velsignar mor si,

12 ei slekt som er rein i eigne auge,

men ikkje har vaska skiten av seg,

13 ei slekt med så stolte auge

og lyfte augnebryn,

14 ei slekt med tenner som sverd

og gap som knivar,

dei vil eta dei hjelpelause ut av landet

og dei fattige ut av folket.


15 Blodiglen har to døtrer: «Gjev» og «Gjev».

Det finst tre som ikkje blir mette,

fire som aldri seier «det er nok»:

16 dødsriket og det lukka morslivet,

jorda, som alltid tørstar etter vatn,

og elden, som aldri seier: «Det er nok.»


17 Eit auge som spottar far sin

og nektar å lyda mor si,

det skal ramnane ved bekken hakka ut

og ørnungane eta opp.


18 Tre ting er for underfulle for meg,

og fire skjønar eg ikkje:

19 ørns veg over himmelen,

orms veg over berget,

skips veg over havet

og manns veg til ei ung kvinne.


20 Slik gjer ei utru kvinne:

Ho et og tørkar seg om munnen

og seier: «Eg har ikkje gjort noko gale.»


21 Tre ting får jorda til å skjelva,

og fire kan ho ikkje tola:

22 ein tenar som blir konge,

og ein dåre som får mat i overflod,

23 ei forakta kvinne som blir gift,

og ei slavekvinne som trengjer husfrua si unna.


24 Fire små er det på jorda,

endå er dei visast av dei vise:

25 Mauren er ikkje noko sterkt folk,

endå legg han seg opp føde om sommaren.

26 Fjellgrevlingen er ikkje noko mektig folk,

endå byggjer han seg bustad i berget.

27 Grashoppene har ingen konge,

endå rykkjer dei fram i formasjon.

28 Firfisla kan ein fanga med hendene,

endå bur ho i kongens slott.


29 Tre går med stolte steg,

fire har ei vakker gonge:

30 løva, kjempa mellom dyra,

som ikkje vik for nokon,

31 hanen som briskar seg,

bukken først i flokken

og kongen i spissen for sin hær.


32 Har du vore dum og gjort deg stor

eller tenkt på det,

så legg handa på munnen!

33 For trykk på mjølka gjev smør,

trykk på nasen gjev blod,

trykk på vreiden gjev strid.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.