Gå til forsiden

Salomos ordtak

Sjette samlinga

Ordt 31,1–931

Den gode kongen

1 Ord frå kong Lemuel, lærdom mor hans gav han.


2 Min son,

du son som eg bar,

min lovnads-son:

3 Gjev ikkje di kraft til kvinner,

ditt liv til det som øydelegg kongar.

4 Det sømer seg ikkje for kongar, Lemuel,

det sømer seg ikkje for kongar å drikka vin

eller for fyrstar å trå etter sterk drikk.

5 Då vil dei drikka og gløyma lovboda

og fordreia retten for alle undertrykte.

6 Men gjev sterk drikk til den som går til grunne,

og vin til den som er bitter til sinns.

7 Lat han drikka og gløyma sin fattigdom

så han ikkje meir hugsar si naud.

8 Lat opp din munn for den som ikkje sjølv kan tala,

før saka for dei som held på å bukka under.

9 Lat opp din munn og døm rettferdig,

lat hjelpelause og fattige få sin rett!

Den gode kona

Ordt 31,10–31

Alef

א

10 Ei dugande kone, kven finn vel henne?

Langt meir enn perler er ho verd.

Bet

ב

11 Mannen lit på henne i sitt hjarte,

og vinning manglar han ikkje.

Gimel

ג

12 Ho gjer berre godt mot han,

ikkje noko vondt så lenge ho lever.

Dalet

ד

13 Ho skaffar seg ull og lin,

hendene arbeider med liv og lyst.

He

ה

14 Ho er som handelsskipa,

ho skaffar mat langt bortanfrå.

Waw

ו

15 Før det lysnar av dag, er ho oppe,

gjev huslyden mat

og set tenestejentene i arbeid.

Zajin

ז

16 Ho ser seg ut eit jordstykke og kjøper det;

for det ho har tent, plantar ho ei vinmark.

Het

ח

17 Styrke er beltet ho har om livet,

ho tek i med sterke armar.

Tet

ט

18 Ho merkar at forretningane går godt,

lampa hennar sloknar ikkje om natta.

Jod

י

19 Ho legg hendene på rokken,

og fingrane grip om teinen.

Kaf

כ

20 Ho opnar handa for den som lid naud,

retter hendene ut til den fattige.

Lamed

ל

21 Kjem det snø, er ho ikkje redd for sine,

for alle i huset har ekstra klede.

Mem

מ

22 Ho lagar sine eigne teppe,

ho har klede av lin og purpur.

Nun

נ

23 Mannen hennar er akta i byporten,

der han sit med dei eldste i landet.

Samek

ס

24 Ho lagar linklede som ho sel,

og sender belte til kjøpmannen.

Ajin

ע

25 Styrke og vørdnad er hennar klednad,

ho ler mot komande dagar.

Pe

פ

26 Ho opnar munnen med visdom,

kjærleg rettleiing har ho på tunga.

Tsade

צ

27 Ho ser etter korleis det går i huset,

og et ikkje latskaps brød.

Qof

ק

28 Borna stig fram og prisar henne lukkeleg,

mannen gjev henne ros:

Resj

ר

29 «Mange kvinner har vist at dei er dugande,

men du overgår dei alle.»

Sjin

ש

30 Ynde sviktar, og venleik forgår,

men ei kvinne som fryktar Herren, skal ha ros.

Taw

ת

31 Pris henne for frukta av arbeidet hennar,

gjerningane skal gje henne ros i byens portar.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.