Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Salomos ordtak

4

Set Visdomen høgt

1 Høyr etter, born, når far formanar,

lytt, så de vinn forstand!

2 God er den lærdomen eg gjev dykk.

Forkast ikkje mi rettleiing!

3 Då eg var barn heime hos far,

ein sart liten gut, den einaste hos mor,

4 då lærte han meg:

«Hjartet ditt skal halda fast ved mitt ord,

hald boda mine, så skal du leva!


5 Kjøp deg visdom, kjøp deg innsikt!

Gløym ikkje orda frå min munn,

snu deg ikkje frå dei.

6 Forlat ikkje Visdomen, så vaktar ho deg,

elsk henne, så vernar ho deg.

7 Visdom er viktigast. Kjøp deg visdom,

kjøp deg innsikt med alt du eig!

8 Set henne høgt, så lyfter ho deg.

Ta henne i famn, så gjev ho deg ære.

9 Ho set ein vakker krans på hovudet ditt

og gjev deg ei strålande krone.»

Vegen i lyset og i mørkret

10 Høyr etter, son, ta imot mine ord,

så blir dine leveår mange.

11 Visdoms veg lærer eg deg

og fører deg på dei rette stigar.

12 Når du går, skal ingenting hindra foten,

når du spring, skal du aldri snubla.

13 Hald fast ved formaninga, slepp henne ikkje,

ta vare på henne, for ho er ditt liv.

14 På stigen åt urettferdige må du ikkje gå inn,

følg ikkje vegen dei vonde går!

15 Sky han og hald deg unna,

vend deg frå han og gå utanom!

16 Dei urettferdige får ikkje sova

om dei ikkje har gjort noko vondt.

Har dei ikkje ført nokon til fall,

blir dei liggjande søvnlause.

17 Urett er brødet dei et,

vald er vinen dei drikk.

18 Men dei rettferdiges stig er lik morgonròden,

som veks og klårnar mot høglys dag.

19 Vegen åt urettferdige er som kolmørkret;

dei veit ikkje kva dei kan snubla i.

Ta vare på hjartet

20 Son min, lytt når eg talar,

vend øyret til mine ord!

21 Slepp dei aldri av syne,

gøym dei djupt i hjartet!

22 Dei er liv for den som finn dei,

og gjev helse til heile kroppen.

23 Ta vare på hjartet framfor alt,

for livet går ut frå det.

24 Lat aldri munnen tala falske ord,

hald leppene borte frå svik!

25 Lat auga dine sjå beint fram,

fest blikket på det som ligg framføre!

26 Gjer stigen jamn der foten skal gå,

då blir alle dine vegar trygge.

27 Vik ikkje av til høgre eller venstre,

hald foten din borte frå det vonde!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.