Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Salomos ordtak

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Når du har kausjonert for ein annan
6Son min, har du kausjonert for ein annan
          og gjeve handslag til ein framand,
          
   
 2 har orda dine fått deg i snara,
          er du fanga av det du har sagt,
          
   
 3 så gjer då dette og berga deg, son,
          sidan ein annan har fått makt over deg:
          Gå av stad, ver audmjuk, treng deg inn på mannen!
          
   
 4 Unn deg ikkje blund på auga,
          og lat ikkje augneloka kvila!
          
   
 5 Berg deg unna som ein gasell frå jegeren,
          som ein fugl frå fangarens hand!

Gå til mauren og bli vis
     6 Gå til mauren, du late,
          sjå kva han gjer, og bli vis!
          
   
 7 Han har ingen hærførar,
          korkje oppsynsmann eller herskar.
          
   
 8 Likevel syter han for mat om sommaren
          og samlar inn føde om hausten.
          
   
 9 Kor lenge vil du liggja, du late,
          når vil du vakna og stå opp?
          
   
10 Berre sov litt til, ein ørliten blund,
          legg hendene saman og kvil deg ei stund.
          
   
11 Då kjem fattigdom på deg som farande fant
          og nauda som velvæpna mann.

Med svik i hjartet
    12 Eit vondsinna menneske, ein ugjerningsmann,
          er den som går omkring med falsk tunge,
          
   
13 som sender hånlege blikk med auga,
          skrapar med foten
          og gjer teikn med fingrane.
          
   
14 Han har svik i hjartet
          og tenkjer ut vondt,
          alltid skaper han strid.
          
   
15 Difor kjem ulukka brått over han,
          med eitt blir han knust og kan ikkje lækjast.
          
   
16 Seks er dei ting som Herren hatar,
          og sju har han avsky for:
          
   
17 hovmodige auge og svikefull tunge,
          hender som auser ut skuldlaust blod,
          
   
18 eit hjarte som legg vonde planar,
          raske føter som spring etter vondt,
          
   
19 det falske vitnet som fer med løgn,
          og den som skaper strid mellom brør.

Utruskap øydelegg livet
    20 Son min, hald fast på boda som far din gav deg,
          forkast ikkje rettleiing frå mor di!
          
   
21 Bind dei alltid til hjartet ditt,
          knyt dei om halsen!
          
   
22 Når du går, skal dei leia deg,
          når du ligg, skal dei verna deg,
          og når du vaknar, skal dei tala til deg.
          
   
23 For bodet er ei lykt og rettleiinga eit lys,
          formaning og tilrettevising er vegen til livet.
          
   
24 Dei skal verna deg mot ei vond kvinne,
          mot den sleipe tunga til ei framand kvinne.
          
   
25 Trå ikkje etter venleiken hennar i ditt hjarte,
          lat henne ikkje fanga deg med sine augnekast!
          
   
26 Ei hore kan du få for ein brødleiv,
          men ei kvinne som høyrer ein annan til,
          driv jakt på eit dyrebart liv.
          
   
27 Kan ein sanka glør i fanget
          utan at kleda tek til å brenna?
          
   
28 Eller kan ein gå på glødande kol
          utan at føtene blir svidde?
          
   
29 Slik går det med den
          som går inn til ein annan manns kone.
          Ingen som rører henne,
          kjem ustraffa frå det.
          
   
30 Ingen foraktar ein tjuv
          når han stel for å stilla svolten.
          
   
31 Men blir han gripen, må han bøta sjudobbelt,
          han må gje frå seg alt det han har i huset.
          
   
32 Vitlaus er den som driv hor med ei kvinne,
          slikt gjer berre den som vil øydeleggja livet sitt!
          
   
33 Skam og skade får han,
          og ingen stryk ut hans vanære.
          
   
34 For sjalusi vekkjer harme i mannen,
          han viser ingen nåde den dag han tek hemn.
          
   
35 Bøter bryr han seg ikkje om,
          stikk du til han store summar, tek han ikkje imot.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

19. mai 2022

Dagens bibelord

Daniel 9,17–19

Les i nettbibelen

17Hør nå, vår Gud! Din tjener ber og roper om nåde. La ditt ansikt lyse over din ødelagte helligdom, Herre, for din egen skyld. ... Vis hele teksten

17Hør nå, vår Gud! Din tjener ber og roper om nåde. La ditt ansikt lyse over din ødelagte helligdom, Herre, for din egen skyld. 18Min Gud, vend øret hit og hør! Åpne dine øyne og se våre ruiner og byen som ditt navn er nevnt over. For det er ikke i tillit til våre rettferdige gjerninger at vi kommer fram for ditt ansikt med våre rop om nåde, det er i tillit til din store barmhjertighet. 19Hør, Herre! Tilgi, Herre! Lytt og grip inn, drøy ikke – for din egen skyld, min Gud! For ditt navn er nevnt over byen din og folket ditt.»