FolkebibelBibel 2024
Shopping bagKjøp
Gå til forsiden

Salomos ordtak

7

Annan manns kvinne

1 Son min, ta vare på orda mine,

gøym boda mine hos deg!

2 Hald fast på boda, så skal du leva,

ta vare på mi rettleiing som din augnestein!

3 Bind dei fast til fingrane,

skriv dei på di hjartetavle!

4 Sei til Visdomen: «Du er syster mi»,

kall innsikt for din nære slektning.

5 Så vaktar dei deg mot annan manns kone,

ei framand kvinne som lokkar så fint.


6 Eg stod ved vindauget i huset mitt,

kikka ut gjennom gitterverket.

7 Då såg eg han blant dei urøynde,

la merke til han mellom dei unge,

ein ung mann utan forstand.

8 Han gjekk over gata ved hennar hjørne

og styrte stega mot huset hennar.

9 I skumringa var det, om kvelden,

då nattemørkret fall på.

10 Då kjem kvinna imot han,

kledd som ei hore, med listig hjarte.

11 Rastlaus er ho, og ustyrleg,

heime har føtene inga ro.

12 Snart er ho på gata og snart på torget,

ved kvart eit gatehjørne står ho på lur.

13 Ho tek tak i han og kysser han,

med ei frekk mine seier ho:

14 «Eg hadde lova å bera fram eit fredsoffer,

i dag har eg halde lovnaden min.

15 Difor gjekk eg ut for å møta deg,

eg leita etter deg og fann deg.

16 Eg har lagt teppe på senga mi,

fargerikt lin frå Egypt,

17 og over leiet har eg strødd

myrra, aloe og kanel.

18 Kom, lat oss drikka djupt av kjærleiken,

fryda oss i elskhug til morgonen gryr.

19 For mannen min er ikkje heime,

han er ute på langferd.

20 Pengepungen tok han med seg,

først ved fullmåne kjem han heim.»

21 Ho overtala han etter beste evne,

med glatte lepper forførte ho han.

22 Han følgjer etter henne med det same,

lik ein okse dei fører til slakting,

lik ein hjort som går rett i fella,

23 til pila borar seg inn i levra.

Han liknar fuglen som flyg mot snara,

han skjønar ikkje at det gjeld livet.


24 Så høyr no på meg, søner,

lytt til orda frå min munn!

25 Lat ikkje hjartet venda seg til hennar vegar,

villa deg ikkje inn på stigane hennar!

26 For ho har gjeve banesår til mange,

talrike er dei ho har felt.

27 Huset hennar er vegen til dødsriket,

ned til dødens salar.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.