Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Salomos ordtak

Første samlinga

Ordt Kap. 1–91

1 Ordtak frå Salomo, son til David og konge i Israel.


2 Til å gje kunnskap om visdom og formaning,

til å forstå forstandige ord,

3 til å ta imot formaning som gjev innsikt

om ærlegdom, rettferd og rett,

4 til å gje vitlause vit

og den unge kunnskap og omtanke.

5 Den vise skal høyra og auka sin lærdom,

den kloke læra å bruka sin tanke

6 så han skjønar ordtak og bilettale,

ord av vismenn og gåtene deira.


7 Å frykta Herren er opphav til kunnskap,

dei dumme foraktar formaning og visdom.

Slå ikkje lag med syndarar

8 Høyr etter, son min, når far din formanar,

forkast ikkje rettleiing frå mor di!

9 For det er ein vakker krans om hovudet,

ei kjede som pryder halsen din.


10 Son min, følg ikkje syndarar om dei lokkar deg,

11 om dei seier: «Kom med oss!

Vi vil liggja på lur etter blod,

setja feller for skuldlause utan grunn.

12 Som dødsriket vil vi sluka dei levande

og heile, lik dei som går i grav.

13 Alt som er kostbart, skal vi finna,

fylla våre hus med røva gods.

14 Våg du lukka di hos oss,

så skal vi ha felles kasse.»

15 Slå ikkje lag med dei, min son,

hald din fot frå deira stigar!

16 Foten deira spring lett etter det som er vondt,

og dei er snare til å ausa ut blod.

17 For det er nyttelaust å spenna nettet

medan fuglane ser det.

18 Men dei ligg på lur etter sitt eige blod,

dei set feller for seg sjølve.

19 Slik går det med alle som jaktar på vinning,

ho tek livet av eigaren sin.

Visdomen ropar på gata

20 Visdomen ropar høgt på gata,

lèt røysta lyda på alle torg.

21 Ho ropar ut midt i ståket,

tek til ords ved byportane:


22 Kor lenge skal de vitlause elska vitløysa?

Kor lenge skal spottarane nyta sin spott

og dårane hata kunnskap?

23 Snu dykk hit når eg talar til rette!

Då lèt eg min pust strøyma ut til dykk

og kunngjer orda mine for dykk.


24 Eg ropa, men de ville ikkje høyra,

rette handa ut, men ingen lytta.

25 De kasta alle mine råd til side,

ville ikkje høyra då eg tala til rette.

26 Difor skal eg le når ulukka rammar,

og spotta når de blir slegne av redsle,

27 når redsla kjem som eit uvêr

og ulukka som ein storm,

når naud og trengsle kjem over dykk.


28 Då skal dei ropa, men eg svarar ikkje;

dei skal leita, men ikkje finna meg.

29 For dei hata kunnskap,

dei valde ikkje å frykta Herren,

30 dei ville ikkje ha mitt råd,

viste ingen respekt då eg tala til rette.

31 Difor skal dei smaka frukta av si ferd

og mettast av sine eigne planar.

32 Vitlause vender seg bort og lèt livet,

sorgløysa valdar at dårane stuper.

33 Men den som høyrer på meg, bur trygt,

i ro utan redsle for noko vondt.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.