Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Salmane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 54 55 56 57 58 59 60 61 62 63 64 65 66 67 68 69 70 71 72 73 74 75 76 77 78 79 80 81 82 83 84 85 86 87 88 89 90 91 92 93 94 95 96 97 98 99 100 101 102 103 104 105 106 107 108 109 110 111 112 113 114 115 116 117 118 119 120 121 122 123 124 125 126 127 128 129 130 131 132 133 134 135 136 137 138 139 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 150
Se film

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >
10Kvifor, Herre, er du så langt borte,
          kvifor løyner du deg når folk er i naud?
          
   
 2 I sitt hovmod jagar dei lovlause den som er hjelpelaus,
          men dei blir fanga av sine eigne listige knep.
          
   
 3 Den lovlause skryter av alt han trår etter,
          den griske forbannar, ja, foraktar Herren.
          
   
 4 Den lovlause set nasen i vêret.
          «Han krev meg ikkje til rekneskap!
          Det finst ingen Gud», er alt han tenkjer.
          
   
 5 Likevel lukkast han alltid med det han gjer.
          Det du har fastsett, er for høgt og fjernt for han.
          Han fnyser forakteleg av alle som står imot han.
          
   
 6 Han seier i sitt hjarte: «Eg skal ikkje vakla.
          Så lenge slekt følgjer slekt, skal ulukka aldri nå meg.»
          
   
 7 Munnen hans er full av forbanning, av svik og vald,
          under tunga gøymer han skade og urett.
          
   
 8 Han ligg i bakhald i landsbyane,
          i løynd drep han den skuldlause.
          Auga hans speidar etter den som er verjelaus.
          
   
 9 Han ligg på lur som ei løve i krattet, der ingen ser han,
          han ligg på lur så han kan gripa den som er hjelpelaus.
          Han grip den hjelpelause og dreg han inn i garnet.
          
   
10 Han dukkar seg ned, han krøkjer seg saman,
          og den verjelause fell for hans overmakt.
          
   
11 «Gud gløymer», seier han til seg sjølv.
          «Gud løyner sitt andlet og ser aldri.»
          
   
12 Reis deg, Herre!
          Gud, lyft di hand!
          Gløym ikkje den som er hjelpelaus!
          
   
13 Kvifor skal den lovlause forakta Gud
          og seia i sitt hjarte: «Du krev ikkje til rekneskap»?
          
   
14 Du ser både ulukke og sorg,
          du ser det og tek det i di hand.
          Den verjelause kan gje seg over til deg,
          og den farlause – du er hans hjelpar.
          
   
15 Bryt armen på den som er urettferdig og vond!
          Krev han til rekneskap for hans urett
          så han ikkje må finnast meir!
          
   
16 Herren er konge til evig tid,
          framande folk skal ryddast ut av hans land.
          
   
17 Det dei hjelpelause lengtar etter, høyrer du, Herre,
          du stør deira hjarte, du vender øyra til.
          
   
18 Du hjelper dei farlause og undertrykte til deira rett.
          Menneske skal ikkje lenger bli drivne ut av landet i frykt.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

09. desember 2022

Dagens bibelord

Lukas 7,24–28

Les i nettbibelen

24Da sendebudene fra Johannes var gått, begynte Jesus å tale til folket om Johannes: «Hva gikk dere ut i ødemarken for å se? Et siv som svaier i vinden? ... Vis hele teksten

24Da sendebudene fra Johannes var gått, begynte Jesus å tale til folket om Johannes: «Hva gikk dere ut i ødemarken for å se? Et siv som svaier i vinden? 25Nei! Hva gikk dere ut for å se? En mann kledd i fine klær? De som går i praktfulle klær og lever i luksus, bor i slott. 26Hva gikk dere da ut for å se? En profet? Ja, jeg sier dere: mer enn en profet! 27Det er om ham det står skrevet: Se, jeg sender min budbærer foran deg, han skal rydde veien for deg. 28Jeg sier dere: Blant dem som er født av kvinner, er ingen større enn Johannes. Men den minste i Guds rike er større enn han.

Dagens bibelord

Lukas 7,24–28

Les i nettbibelen

24Då bodberarane frå Johannes var gått, tala Jesus til folket om Johannes: «Kva gjekk de ut i øydemarka for å sjå? Eit sivstrå som svaiar i vinden? ... Vis hele teksten

24Då bodberarane frå Johannes var gått, tala Jesus til folket om Johannes: «Kva gjekk de ut i øydemarka for å sjå? Eit sivstrå som svaiar i vinden? 25Nei! Kva gjekk de ut for å sjå? Ein mann kledd i fine klede? Dei som er staseleg kledde og lever i overflod, held til i slotta sine. 26Men kva gjekk de ut for å sjå? Ein profet? Ja, eg seier dykk: meir enn ein profet! 27Det er om han dette står skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 28Eg seier dykk: Ingen av dei som er fødde av kvinner, er større enn Johannes. Men sjølv den minste i Guds rike er større enn han.

Dagens bibelord

Lukas 7,24–28

Les i nettbibelen

24Go Johannesa áirasat leigga mannan, de Jesus sárdnugođii olbmuide Johannesa birra: “Maid dii vulggiidet meahccái oaidnit? Skáhčirago mii sojada biekkas? ... Vis hele teksten

24Go Johannesa áirasat leigga mannan, de Jesus sárdnugođii olbmuide Johannesa birra: “Maid dii vulggiidet meahccái oaidnit? Skáhčirago mii sojada biekkas? 25Vai maid dii vulggiidet oaidnit? Čábbát gárvodan olbmágo? Dat geat gárvodit hearvás biktasiid ja ellet badjelmearálašvuođas, ásset šloahtain. 26Maid dii vulggiidet oaidnit? Profehtago? Profehta fal, ja mun cealkkán didjiide: Son lea eambbo go profehta. 27Son lea dat gean birra lea čállojuvvon: Mun vuolggahan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu. 28Mun cealkkán didjiide: Ii oktage gii lea riegádan nissonis, leat stuorit go Johannes, muhto buot uhcimusge Ipmila riikkas lea stuorit go son.