Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
101Av David. Ein salme. Eg vil syngja om miskunn og rett, Herre, for deg vil eg syngja og spela. 2 Eg vil læra meg den fullkomne vegen. Når vil du koma til meg? Med heilt hjarte vil eg vandra i mitt hus. 3 Vondskap vil eg ikkje ha for auge, urett hatar eg, slikt held eg meg borte frå. 4 Svikefullt hjarte skal vika frå meg. Eg vil ikkje vita av det vonde. 5 Den som baktalar sin neste, vil eg gjera ende på. Stolte auge og eit hovmodig hjarte kan eg ikkje tola. 6 Auga mine ser til dei trufaste i landet, dei får bu hos meg. Den som går den fullkomne vegen, skal tena meg. 7 Den som fer med svik, får ikkje bu i mitt hus. Den som talar løgn, kan ikkje bli ståande for mine auge. 8 Kvar morgon gjer eg ende på dei urettferdige i landet. Alle som gjer urett, ryddar eg ut av Herrens by. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. ... Vis hele teksten
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. 22Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’ 23Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!’ 24Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. 26Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. 27Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.» 28Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. 29For han lærte dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde.