Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
108Ein song. Ein salme av David. 2 Mitt hjarte er roleg, Gud, eg vil syngja og spela av heile mi sjel. 3 Vakna, harpe og lyre! Eg vil vekkja morgonròden. 4 Herre, eg vil prisa deg mellom folka, lovsyngja deg mellom folkeslag. 5 For høgare enn himmelen er di miskunn, din truskap når til skyene. 6 Vis deg høg over himmelen, Gud, vis din herlegdom over all jorda! 7 Hjelp oss med di høgre hand, svar meg så dine kjære kan bli berga. 8 Gud har tala i sin heilagdom: Med jubel vil eg dela ut Sikem, Sukkot-dalen vil eg måla opp. 9 Mitt er Gilead, mitt er Manasse, Efraim er hjelmen på mitt hovud, Juda er min styrarstav. 10 Men Moab er mitt vaskefat, på Edom kastar eg sandalen. Eg triumferer over Filistarland. 11 Kven fører meg til festningsbyen, kven leier meg til Edom? 12 Du har jo støytt oss bort, Gud, du drog ikkje ut med våre hærar. 13 Støtt oss mot fienden! Hjelp frå menneske er ingenting verd. 14 I Gud skal vi gjera storverk. Han skal trakka ned våre fiendar. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. ... Vis hele teksten
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. 22Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’ 23Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!’ 24Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. 26Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. 27Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.» 28Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. 29For han lærte dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde.