Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
11Til korleiaren. Ein salme av David. Hos Herren søkjer eg tilflukt. Korleis kan de seia til meg: «Fly opp i fjellet som ein fugl! 2 For sjå, dei lovlause spenner bogen og legg si pil på strengen; i mørkret vil dei skyta på dei ærlege av hjartet. 3 Når grunnvollane blir rivne bort, kva kan den rettferdige gjera?» 4 Herren er i sitt heilage tempel, Herren har si trone i himmelen. Auga hans ser, han prøver menneska med sitt blikk. 5 Herren prøver rettferdige og urettferdige, han hatar dei som elskar vald. 6 Over dei urettferdige lèt han det regna gloande kol og svovel, gloheit vind får dei i sitt beger. 7 Rettferdig er Herren, han elskar rettferdige gjerningar. Dei ærlege får sjå hans andlet. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
Nettbibelen blir ny høsten 2023. Vi ruller ut nye funksjoner fortløpende, og trenger din hjelp til å teste og gi tilbakemelding.
Test på beta.bibel.no