Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
110Av David. Ein salme. Herren seier til min herre: «Set deg ved mi høgre hand til eg får lagt dine fiendar som skammel for dine føter!» 2 Frå Sion retter Herren ut ditt mektige septer. Du skal herska mellom dine fiendar! 3 Folket ditt møter villig fram den dagen du viser di kraft. Din ungdoms dogg kjem til deg i heilag prakt, or morgonròdens fang. 4 Herren har svore og angrar det ikkje: «Du er prest til evig tid på Melkisedeks vis.» 5 Herren er ved di høgre hand, han knuser kongar på sin vreidedag. 6 Han held dom over folkeslag, det er fullt av lik, han knuser hovud vidt over jord. 7 Han drikk av bekken ved vegen, difor lyfter han hovudet høgt. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
Nettbibelen blir ny høsten 2023. Vi ruller ut nye funksjoner fortløpende, og trenger din hjelp til å teste og gi tilbakemelding.
Test på beta.bibel.no