Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
115Ikkje oss, Herre, ikkje oss, gjev heller ditt namn ære, du som er kjærleg og trufast. 2 Kvifor skal folka seia: «Kvar er deira Gud?» 3 Vår Gud er i himmelen, alt han vil, det gjer han. 4 Gudebileta deira er av sølv og gull, menneskehender har laga dei. 5 Dei har munn, men kan ikkje tala, dei har auge, men kan ikkje sjå. 6 Dei har øyre, men kan ikkje høyra, dei har nase, men kan ikkje lukta. 7 Dei har hender, men kan ikkje føla, dei har føter, men kan ikkje gå, dei har ikkje lyd i strupen. 8 Slik blir òg dei som lagar dei, og alle som set si lit til dei. 9 Stol på Herren, Israel! Han er deira hjelp og skjold. 10 Stol på Herren, Arons hus! Han er deira hjelp og skjold. 11 Stol på Herren, de som fryktar han! Han er deira hjelp og skjold. 12 Herren hugsar på oss, han velsignar. Han velsignar Israels hus, han velsignar Arons hus. 13 Han velsignar dei som fryktar Herren, dei små og dei store. 14 Måtte Herren la dykk auka i tal, både de og borna dykkar! 15 De er velsigna av Herren, han som skapte himmel og jord. 16 Himmelen er Herrens himmel, men jorda gav han til mennesket. 17 Dei døde prisar ikkje Herren, alle dei som går ned til det stille landet. 18 Men vi velsignar Herren frå no og til evig tid. Halleluja! |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
24Deretter sa Jesus til disiplene: «Om noen vil følge etter meg, må han fornekte seg selv og ta sitt kors opp og følge meg. 25For den som vil berge sitt liv, skal miste det. Men den som mister sitt liv for min skyld, skal finne det. ... Vis hele teksten
24Deretter sa Jesus til disiplene: «Om noen vil følge etter meg, må han fornekte seg selv og ta sitt kors opp og følge meg. 25For den som vil berge sitt liv, skal miste det. Men den som mister sitt liv for min skyld, skal finne det. 26Hva vil det gagne et menneske om det vinner hele verden, men taper sin sjel? Eller hva skal et menneske gi som vederlag for sin sjel? 27For Menneskesønnen skal komme i sin Fars herlighet sammen med sine engler, og da skal han lønne hver og en etter det han har gjort.