Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
12Til korleiaren. Etter «Den åttande». Ein salme av David. 2 Frels meg, Herre! Dei trugne er borte. Det finst ikkje trufaste menneske meir. 3 Alle talar løgn med sin neste, dei snakkar med glatte lepper og delt hjarte. 4 Herren skal rydda ut alle glatte lepper, kvar tunge som talar store ord, 5 dei som seier: «I tunga ligg vår makt, vi har leppene med oss. Kven er herre over oss?» 6 «Dei hjelpelause blir undertrykte, og dei fattige stønnar, difor vil eg reisa meg», seier Herren. «Eg vil berga den som blir forakta.» 7 Herrens ord er reine ord, sølv lutra i smelteomnen, sju gonger reinsa. 8 Du, Herre, vil vara dei, verna dei mot denne slekt for alltid 9 når lovlause er på ferde overalt og det usle får makta mellom folk. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
Nettbibelen blir ny høsten 2023. Vi ruller ut nye funksjoner fortløpende, og trenger din hjelp til å teste og gi tilbakemelding.
Test på beta.bibel.no