Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
122Ein song til festreisene. Av David. Eg vart glad då dei sa til meg: «Vi vil gå til Herrens hus.» 2 Føtene våre står i portane dine, Jerusalem. 3 Jerusalem, du er bygd som ein heil og samla by! 4 Dit dreg stammane opp, Herrens stammar! Det er ei lov for Israel å prisa Herrens namn. 5 Ja, der står troner for dommarar, kongsstolar for Davids hus. 6 Bed om fred for Jerusalem! Må dei som elskar deg, leva trygt! 7 Må fred råda innanfor dine vollar, tryggleik i dine borger! 8 For mine brør og vener skuld vil eg seia: «Fred over deg!» 9 For tempelet skuld, Herren vår Guds hus, vil eg ønskja deg det gode. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
Nettbibelen blir ny høsten 2023. Vi ruller ut nye funksjoner fortløpende, og trenger din hjelp til å teste og gi tilbakemelding.
Test på beta.bibel.no