Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
124Ein song til festreisene. Av David. Hadde ikkje Herren vore med oss, skal Israel seia, 2 hadde ikkje Herren vore med då menneske reiste seg mot oss, 3 så hadde dei slukt oss levande då vreiden deira flamma opp, 4 så hadde vatnet skylt over oss, flaumen hadde strøymt over oss, 5 så hadde det veldige vatnet strøymt over oss. 6 Velsigna er Herren som ikkje gav oss til rov for deira tenner! 7 Vi slapp fri som fuglen frå jegerens snare. Snara rauk, og vi slapp fri. 8 Vår hjelp er i Herrens namn, han som skapte himmel og jord. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
Nettbibelen blir ny høsten 2023. Vi ruller ut nye funksjoner fortløpende, og trenger din hjelp til å teste og gi tilbakemelding.
Test på beta.bibel.no