Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
132Ein song til festreisene. Herre, kom i hug David og alt han heldt ut! 2 Han svor til Herren, gav Jakobs Mektige ein lovnad: 3 «Eg vil ikkje gå inn i huset mitt, ikkje leggja meg i senga, 4 ikkje unna meg blund på auga og ikkje la augneloka kvila 5 før eg har funne ein stad for Herren, ein bustad for Jakobs Mektige.» 6 Vi høyrde om paktkista i Efrata, vi fann henne på markene ved Jaar. 7 Lat oss gå inn i hans bustad, kasta oss ned for hans fotskammel! 8 Reis deg, Herre, og kom til din kvilestad, du og paktkista, som er din styrke. 9 Prestane dine skal kle seg i rettferd, dine trugne skal ropa av fryd. 10 For David, din tenar skuld, vis ikkje frå deg den du har salva! 11 Herren har svore til David eit påliteleg ord han ikkje går frå: «Di livsfrukt vil eg setja på trona di. 12 Dersom sønene dine held mi pakt og den lov eg vil læra dei, så skal sønene deira òg alltid sitja på di trone.» 13 For Herren har valt ut Sion, henne vil han ha til bustad: 14 «Dette er min kvilestad for all tid, her vil eg bu, for henne vil eg ha. 15 Maten hennar vil eg velsigna, dei fattige vil eg metta med brød, 16 prestane hennar kler eg i frelse, dei trugne skal ropa av fryd. 17 Der lèt eg eit horn veksa fram for David, eg steller til ei lampe for den eg har salva. 18 Fienden vil eg kle i skam, men på han skal krona stråla.» |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. ... Vis hele teksten
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. 22Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’ 23Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!’ 24Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. 26Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. 27Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.» 28Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. 29For han lærte dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde.