Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
14Til korleiaren. Av David. Dåren seier i sitt hjarte: «Det finst ingen Gud.» Vondt og avskyeleg er alt dei gjer, det finst ingen som gjer det gode. 2 Frå himmelen ser Herren ned til menneska for å sjå om det finst nokon som er vis, nokon som søkjer Gud. 3 Alle har vendt seg bort, alle som ein er forderva. Det finst ingen som gjer det gode, ikkje ein einaste. 4 Skjønar dei då ingen ting, alle dei som gjer urett? Dei et opp folket mitt som om dei et brød, og kallar ikkje på Herren. 5 Då skal dei råkast av redsle, for Gud er med den rettferdige slekta. 6 Knus berre planen til den hjelpelause! For Herren er hans tilflukt. 7 Måtte frelse koma til Israel frå Sion! Når Herren vender lagnaden for sitt folk, skal Jakob jubla og Israel gleda seg. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. ... Vis hele teksten
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. 22Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’ 23Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!’ 24Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. 26Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. 27Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.» 28Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. 29For han lærte dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde.