Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
140Til korleiaren. Ein salme av David. 2 Fri meg, Herre, frå vonde menneske, vern meg mot valdsmenn, 3 dei som tenkjer ut vonde planar i hjartet og dagleg eggjar til strid. 4 Dei gjer tunga kvass som slangen, under leppene har dei ormegift. 5 Vakta meg, Herre, for handa til lovlause, vern meg mot valdsmenn som vil setja krokfot. 6 Dei stolte set snarer, attmed stigen spenner dei snorer og nett, dei set feller for meg. 7 Eg seier til Herren: Du er min Gud, Herre, vend øyret til mitt rop om nåde! 8 Gud Herre, min sterke frelsar, du vernar hovudet mitt i kamp. 9 Herre, gjev ikkje dei urettferdige det dei ønskjer, lat ikkje planane deira lukkast! 10 Dei som samlar seg rundt meg, lyfter hovudet. Lat uretten dei har på leppene, dyngja dei ned! 11 Lat gloande kol regna over dei, lat dei falla i djupe groper så dei ikkje reiser seg meir. 12 Lat ikkje vonde tunger bli verande i landet. Lat ulukke jaga valdsmannen og slå han ned. 13 Eg veit at Herren fører sak for hjelpelause og skaper rett for fattige. 14 Dei rettferdige prisar ditt namn, dei rettvise får bu hos deg. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. ... Vis hele teksten
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. 22Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’ 23Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!’ 24Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. 26Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. 27Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.» 28Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. 29For han lærte dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde.