Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Salmane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 54 55 56 57 58 59 60 61 62 63 64 65 66 67 68 69 70 71 72 73 74 75 76 77 78 79 80 81 82 83 84 85 86 87 88 89 90 91 92 93 94 95 96 97 98 99 100 101 102 103 104 105 106 107 108 109 110 111 112 113 114 115 116 117 118 119 120 121 122 123 124 125 126 127 128 129 130 131 132 133 134 135 136 137 138 139 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 150
Se film

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >
143Ein salme av David.
        
           Herre, høyr mi bøn,
          vend øyret til mitt rop om nåde!
          Svar meg, du som er trufast og rettferdig.
          
   
 2 Gå ikkje i rette med din tenar.
          For ingen som lever, er rettferdig for deg.
          
   
 3 Fienden har jaga meg, slege meg til jorda.
          Han har sett meg i stummande mørker,
          lik dei som er døde for lenge sidan.
          
   
 4 Livsånda slokna i meg,
          hjartet vart lamma av skrekk.
          
   
 5 Eg kjem gamle dagar i hug,
          eg tenkjer på heile ditt verk,
          grundar på det dine hender har gjort.
          
   
 6 Eg retter ut hendene mine til deg,
          lengtar etter deg lik tørstande jord.
          
   
 7 Skund deg og svar meg, Herre,
          mi ånd går til grunne.
        
          Løyn ikkje andletet for meg,
          elles blir eg lik dei som går i grav.
          
   
 8 Lat meg høyra om di miskunn om morgonen,
          eg set mi lit til deg!
          Lær meg den vegen eg skal gå,
          for eg lyfter mi sjel til deg.
          
   
 9 Fri meg frå mine fiendar, Herre!
          Hos deg søkjer eg ly.
          
   
10 Lær meg å gjera din vilje,
          for du er min Gud!
          Lat din gode Ande leia meg
          på jamn grunn.
          
   
11 For ditt namn skuld, Herre,
          hald meg i live!
          Du som er rettferdig,
          før meg ut av trengsla!
          
   
12 Du som viser miskunn, rydd ut mine fiendar
          og gjer ende på alle som står imot meg!
          For eg er din tenar.
< Forrige kapittelNeste kapittel >