Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
145Ein lovsong av David. א Eg vil opphøgja deg, min Gud og konge, og velsigna namnet ditt til evig tid. 2 ב Eg vil velsigna deg kvar dag og lovsyngja namnet ditt til evig tid. 3 ג Stor er Herren og verdig lov og pris, stordomen hans kan ingen granska. 4 ד Slekt etter slekt prisar dine gjerningar og fortel om dine storverk. 5 ה Eg grundar på din høge herlegdom og di ære og på dine underfulle ord. 6 ו Dei talar om dine sterke og skremmande gjerningar, eg fortel om dine storverk. 7 ז Dei lèt gjetordet gå om alt det gode du gjer, og jublar over di rettferd. 8 ח Herren er nådig og mild, sein til vreide og rik på miskunn. 9 ט Herren er god mot alle, mild mot alt han har skapt. 10 י Alle dine skapningar prisar deg, Herre, dine trugne velsignar deg. 11 כ Dei fortel om di herlege kongsmakt og talar om ditt velde. 12 ל Dei lèt menneske læra å kjenna ditt velde, di strålande kongsmakt. 13 מ Du er konge gjennom alle tider, du herskar frå slekt til slekt. נ * Herren er påliteleg i alt han seier, trufast i alt han gjer.• 14 ס Herren støttar alle som fell, og reiser alle nedbøygde opp. 15 ע Alle auge ventar på deg, og du gjev dei mat i rett tid. 16 פ Du opnar di hand og mettar alt levande med det gode. 17 צ Herren er rettferdig på alle sine vegar, trufast i alt han gjer. 18 ק Herren er nær alle som kallar på han, alle som kallar på han i sanning. 19 ר Til dei som fryktar han, gjev han det dei ønskjer, han høyrer deira rop og frelser dei. 20 ש Herren vaktar alle som elskar han, men utryddar alle lovlause. 21 ת Min munn skal lovprisa Herren, alt som lever, skal velsigna hans heilage namn til evig tid. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
Nettbibelen blir ny høsten 2023. Vi ruller ut nye funksjoner fortløpende, og trenger din hjelp til å teste og gi tilbakemelding.
Test på beta.bibel.no