Gå til forsiden

Salmane

145 

1 Ein lovsong av David.


Alef

א

Eg vil opphøgja deg, min Gud og konge,

og velsigna namnet ditt til evig tid.


Bet

ב

2 Eg vil velsigna deg kvar dag

og lovsyngja namnet ditt til evig tid.


Gimel

ג

3 Stor er Herren og verdig lov og pris,

stordomen hans kan ingen granska.


Dalet

ד

4 Slekt etter slekt prisar dine gjerningar

og fortel om dine storverk.


He

ה

5 Eg grundar på din høge herlegdom og di ære

og på dine underfulle ord.


Waw

ו

6 Dei talar om dine sterke og skremmande gjerningar,

eg fortel om dine storverk.


Zajin

ז

7 Dei lèt gjetordet gå om alt det gode du gjer,

og jublar over di rettferd.


Het

ח

8  Herren er nådig og mild,

sein til vreide og rik på miskunn.


Tet

ט

9  Herren er god mot alle,

mild mot alt han har skapt.


Jod

י

10 Alle dine skapningar prisar deg, Herre,

dine trugne velsignar deg.


Kaf

כ

11 Dei fortel om di herlege kongsmakt

og talar om ditt velde.


Lamed

ל

12 Dei lèt menneske læra å kjenna ditt velde,

di strålande kongsmakt.


Mem

מ

13 Du er konge gjennom alle tider,

du herskar frå slekt til slekt.


Nun

נ

* Herren er påliteleg i alt han seier,

trufast i alt han gjer.•


Samek

ס

14  Herren støttar alle som fell,

og reiser alle nedbøygde opp.


Ajin

ע

15 Alle auge ventar på deg,

og du gjev dei mat i rett tid.


Pe

פ

16 Du opnar di hand

og mettar alt levande med det gode.


Tsade

צ

17  Herren er rettferdig på alle sine vegar,

trufast i alt han gjer.


Qof

ק

18  Herren er nær alle som kallar på han,

alle som kallar på han i sanning.


Resj

ר

19 Til dei som fryktar han, gjev han det dei ønskjer,

han høyrer deira rop og frelser dei.


Sjin

ש

20  Herren vaktar alle som elskar han,

men utryddar alle lovlause.


Taw

ת

21 Min munn skal lovprisa Herren,

alt som lever, skal velsigna hans heilage namn til evig tid.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.