Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Salmane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 54 55 56 57 58 59 60 61 62 63 64 65 66 67 68 69 70 71 72 73 74 75 76 77 78 79 80 81 82 83 84 85 86 87 88 89 90 91 92 93 94 95 96 97 98 99 100 101 102 103 104 105 106 107 108 109 110 111 112 113 114 115 116 117 118 119 120 121 122 123 124 125 126 127 128 129 130 131 132 133 134 135 136 137 138 139 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 150

< Forrige kapittelNeste kapittel >
146Halleluja!
          Lovsyng Herren, mi sjel!
          
   
 2 Eg vil lovsyngja Herren heile mitt liv,
          syngja og spela for min Gud så lenge eg er til.
          
   
 3 Stol ikkje på fyrstar,
          menneske som ikkje kan hjelpa.
          
   
 4 Dei andar ut og blir til jord att,
          den dagen fell planane i grus.
          
   
 5 Sæl er den som har Jakobs Gud til hjelpar
          og set si von til Herren sin Gud.
          
   
 6 Han skapte himmel og jord, havet og alt som er i dei,
          han er trufast til evig tid.
          
   
 7 Han hjelper dei undertrykte til deira rett,
          han gjev mat til dei som svelt.
           Herren set dei bundne fri.
          
   
 8 Herren gjev dei blinde syn.
           Herren reiser dei nedbøygde opp.
           Herren elskar dei rettferdige.
          
   
 9 Herren vernar innflyttarar.
          Han held enkjer og farlause oppe,
          men gjer vegen kroket for dei som gjer urett.
          
   
10 Herren er konge til evig tid,
          din Gud, Sion, frå slekt til slekt.
          Halleluja!
< Forrige kapittelNeste kapittel >

16. august 2022

Dagens bibelord

Romarane 9,1–5

Les i nettbibelen

1Eg talar sanning i Kristus; eg lyg ikkje! Samvitet mitt stadfester det i Den heilage ande. 2Eg ber på ei stor sorg og ei stadig liding i hjartet. ... Vis hele teksten

1Eg talar sanning i Kristus; eg lyg ikkje! Samvitet mitt stadfester det i Den heilage ande. 2Eg ber på ei stor sorg og ei stadig liding i hjartet. 3For eg skulle ønskja at eg sjølv var forbanna og skild frå Kristus, berre det kunne hjelpa mine sysken som er av same folket som eg. 4Dei er israelittar; dei har retten til å vera Guds born, og herlegdomen, paktene, lova, tempeltenesta og lovnadene er deira. 5Dei har fedrane, og frå dei stammar òg Kristus, han som er Gud over alt, velsigna i all æve. Amen.