Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
146Halleluja! Lovsyng Herren, mi sjel! 2 Eg vil lovsyngja Herren heile mitt liv, syngja og spela for min Gud så lenge eg er til. 3 Stol ikkje på fyrstar, menneske som ikkje kan hjelpa. 4 Dei andar ut og blir til jord att, den dagen fell planane i grus. 5 Sæl er den som har Jakobs Gud til hjelpar og set si von til Herren sin Gud. 6 Han skapte himmel og jord, havet og alt som er i dei, han er trufast til evig tid. 7 Han hjelper dei undertrykte til deira rett, han gjev mat til dei som svelt. Herren set dei bundne fri. 8 Herren gjev dei blinde syn. Herren reiser dei nedbøygde opp. Herren elskar dei rettferdige. 9 Herren vernar innflyttarar. Han held enkjer og farlause oppe, men gjer vegen kroket for dei som gjer urett. 10 Herren er konge til evig tid, din Gud, Sion, frå slekt til slekt. Halleluja! |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
7Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur dei blir bønhøyrde berre dei bruker mange ord. 8Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng, før de bed han om det. 9Slik skal de be: Vår Far i himmelen! Lat namnet ditt helgast. ... Vis hele teksten
7Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur dei blir bønhøyrde berre dei bruker mange ord. 8Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng, før de bed han om det. 9Slik skal de be: Vår Far i himmelen! Lat namnet ditt helgast. 10Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen. 11Gjev oss i dag vårt daglege brød, 12og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar. 13Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde. *For riket er ditt og makta og æra i all æve. Amen.•