Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
147Halleluja! Det er godt å spela for vår Gud, det er herleg, det er rett å syngja lovsong. 2 Herren byggjer Jerusalem og samlar Israels spreidde folk. 3 Han lækjer dei som har eit sundbrote hjarte, og bind om såra deira. 4 Han veit kor mange stjernene er, og gjev alle namn. 5 Vår Herre er stor og rik på kraft, hans forstand er utan grenser. 6 Herren held dei hjelpelause oppe, men bøyer dei urettferdige til jorda. 7 Syng lovsong for Herren, spel på lyre for vår Gud. 8 Han dekkjer himmelen med skyer, syter for regn til jorda og lèt graset spira på fjella. 9 Han gjev føde til dyra, til ramnungane som ropar. 10 Han bryr seg ikkje om hestens kraft og gleder seg ikkje over mannens musklar. 11 Herren gleder seg over dei som fryktar han og ventar på hans miskunn. 12 Syng Herrens pris, Jerusalem, Sion, lovsyng din Gud! 13 Han gjer portbommane dine sterke og velsignar borna i byen. 14 Han gjev fred i landet, han mettar deg med det beste kveitekornet. 15 Han sender sin bodskap til jorda, snøgt spring hans ord. 16 Han lèt snøen falla som ull, han strør ut rim som oske. 17 Han kastar hagl som smular, kven kan stå seg mot hans kulde? 18 Så sender han sitt ord, og alt smeltar, han pustar, og vatnet strøymer. 19 Han kunngjorde sitt ord for Jakob, sine forskrifter og lover for Israel. 20 Slik gjorde han ikkje for noko anna folk, dei kjenner ikkje hans lover. Halleluja! |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. ... Vis hele teksten
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. 22Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’ 23Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!’ 24Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. 26Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. 27Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.» 28Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. 29For han lærte dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde.