Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
148Halleluja! Lovsyng Herren frå himmelen, lov han i det høgste! 2 Lov han, alle hans englar, lov han, heile hans hær! 3 Lov han, sol og måne, lov han, alle lysande stjerner! 4 Lov han, du høgste himmel, og vatnet over himmelen! 5 Dei skal lova Herrens namn, for han baud, og dei vart skapte. 6 Han gav dei sin stad for alltid, fastsette ei ordning som ikkje forgår. 7 Lovsyng Herren frå jorda, store sjødyr og alle havdjup, 8 eld og hagl, snø og skodd, stormvind som set hans ord i verk, 9 fjell og alle haugar, frukttre og alle sedrar, 10 ville dyr og alt fe, krypdyr og fuglar med venger, 11 kongar på jorda og alle folk, stormenn og alle styresmenn på jord, 12 unge menn og jenter, gamle folk og gutar! 13 Dei skal lova Herrens namn, berre hans namn er opphøgt. Hans herlegdom er over himmel og jord. 14 Han har reist opp eit horn av kraft for sitt folk til ære for alle sine trugne, for Israel, folket som er han nær. Halleluja! |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. ... Vis hele teksten
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. 22Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’ 23Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!’ 24Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. 26Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. 27Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.» 28Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. 29For han lærte dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde.