Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
15Ein salme av David. Herre, kven kan halda til i ditt telt, kven får bu på ditt heilage fjell? 2 Den som gjer rett og er heil i si ferd og talar sanning frå hjartet. 3 Han svertar ingen med tunga, valdar ikkje nesten sin skade og fører ikkje vanære over sin granne. 4 Han ser med forakt på den som er vraka. Han ærar dei som fryktar Herren. Han bryt ikkje eiden han har svore, sjølv om det blir til det vonde for han sjølv. 5 Han tek ikkje renter når han låner ut pengar. Han lèt seg ikkje kjøpa til skade for ein skuldfri. Den som lever slik, skal aldri vakla. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. ... Vis hele teksten
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. 22Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’ 23Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!’ 24Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. 26Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. 27Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.» 28Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. 29For han lærte dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde.