Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
16Ein miktam. Av David. Verna meg, Gud, for eg søkjer tilflukt hos deg. 2 Eg seier til Herren: «Du er min Herre, alt godt har eg i deg.» Usle er dei 3 ein held for heilage i landet. Desse veldige vil eg ikkje vita av. 4 Dei som spring etter andre gudar, vil få mange plager. Eg vil ikkje renna ut blodoffer for dei og ikkje ha deira namn på mine lepper. 5 Herre, du er min del og mitt beger. Du held min lut i dine hender. 6 Fruktbar jord vart målt opp til meg, ein herleg eigedom vart min. 7 Eg velsignar Herren, som leier meg, jamvel om natta får eg råd frå mitt indre. 8 Alltid har eg Herren framfor meg. Han er ved mi høgre side, eg skal ikkje vakla. 9 Difor er det glede i mitt hjarte, og mitt inste jublar, jamvel kroppen kan slå seg til ro. 10 Du gjev ikkje mi sjel over til dødsriket, du lèt ikkje din trufaste tenar sjå grava. 11 Du lærer meg livsens veg, hos deg er glede i overflod, fagnad utan ende ved di høgre hand. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. ... Vis hele teksten
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. 22Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’ 23Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!’ 24Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. 26Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. 27Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.» 28Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. 29For han lærte dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde.