Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
18Til korleiaren. Av Herrens tenar David, som sa fram orda i denne songen for Herren då Herren hadde berga han frå alle fiendane hans og frå Saul.
2 Han sa: Herre, du min styrke, eg har deg kjær. 3 Herren er mitt berg og mi borg og min utfriar, min Gud er fjellet der eg søkjer tilflukt. Han er mitt skjold og mi frelse, min styrke og mitt vern. 4 Eg ropa til Herren, han som får lovsong, og eg vart frelst frå mine fiendar. 5 Dødens band snørte seg om meg, malstraumane skremde meg. 6 Dødsrikets band vart spente om meg, dødens snarer venta meg. 7 I mi naud kalla eg på Herren, eg ropa til min Gud. Han høyrde meg frå sitt tempel, mitt rop nådde hans øyre. 8 Då skalv og skaka jorda, grunnvollane under fjella riste, dei skalv fordi han var harm. 9 Røyk steig opp or hans nase, øydande eld or hans munn, gneistar loga opp frå han. 10 Han bøygde himmelen og steig ned, under føtene hans var mørke skyer. 11 Han reid på kjeruben, han flaug og stupte ned på vindens venger. 12 Han gjorde mørkret til si gøymsle, eit telt av svarte, regntunge skyer. 13 Frå stråleglansen framfor han fór hagl, or skyene kom gloande kol. 14 Herren torna i himmelen, Den høgste lét røysta lyda. Hagl og gloande kol! 15 Han skaut sine piler og spreidde dei, han skremde dei med lyn. 16 Rennene på havbotnen kom til syne, grunnvollane under jorda viste seg då du truga, Herre, då du fnyste av vreide. 17 Han rette ut handa frå det høge og greip meg, drog meg opp or veldige vatn. 18 Han berga meg frå min mektige fiende då dei som hata meg, var for sterke. 19 På ulukkedagen kom dei imot meg, men Herren var mi støtte. 20 Han førte meg ut i ope land og fria meg ut, for han har si glede i meg. 21 Herren gav meg att for mi rettferd, han lønte meg, for mine hender var reine. 22 Eg hadde halde meg til Herrens vegar og ikkje gjort meg skuldig i urett mot min Gud. 23 Alle hans lover hadde eg for auga, hans forskrifter støytte eg ikkje frå meg. 24 For han var eg heil i mi ferd, eg akta meg vel for å synda. 25 Herren lønte meg for mi rettferd då han såg at hendene mine var reine. 26 Du er trufast mot den som er tru og heilhjarta mot den som er heil. 27 Du viser deg rein mot den som er rein, men vrang mot den som fer med svik. 28 Du frelser eit folk i naud, men audmjukar stolte auge. 29 Herre, du tenner mi lampe, min Gud lyser opp mitt mørker. 30 Med deg kan eg storma mot ein krigarflokk, med Guds hjelp kan eg springa over murar. 31 Guds veg er fullkomen, Herrens ord er reint. Han er eit skjold for alle som søkjer tilflukt hos han. 32 For kven er Gud om ikkje Herren, kven er eit berg om ikkje vår Gud, 33 den Gud som kler meg i styrke og gjer mi ferd heil. 34 Han gjev meg føter som ei hind og lèt meg stå på høgdene. 35 Han lærer opp hendene mine til krig, armane spenner bogen av bronse. 36 Du gjev meg di frelse til skjold, med di høgre hand stør du meg. Du bøyer deg ned og gjer meg stor. 37 Du opnar veg for mine steg, anklane mine vaklar ikkje. 38 Eg jagar mine fiendar og tek dei att, eg snur ikkje før eg har gjort ende på dei. 39 Eg knuser dei så dei ikkje kan reisa seg, men ligg falne under mine føter. 40 Du kler meg med styrke til krigen og tvingar mine motstandarar i kne. 41 Du slår mine fiendar på flukt, eg utryddar dei som hatar meg. 42 Dei ropar, men det er ingen frelsar, dei ropar til Herren, men han svarar dei ikkje. 43 Eg knuser dei til støv for vinden, eg trakkar dei ned som søle i gata. 44 Du bergar meg frå folk i strid. Du set meg til hovding over folkeslag. Folk eg ikkje kjende, må tena meg. 45 Dei lyder berre dei høyrer om meg. Framande kryp for meg. 46 Dei framande visnar, skjelvande kjem dei ut or sine borger. 47 Herren lever! Velsigna er mitt berg! Opphøgd er Gud, min frelsar, 48 Gud lèt meg få hemn, han legg folkeslag under meg. 49 Han friar meg frå mine fiendar. Du lyfter meg over dei som står imot meg, og bergar meg frå valdsmenn. 50 Difor vil eg prisa deg mellom folka, Herre, og lovsyngja ditt namn. 51 Han gjev sin konge store sigrar, han viser miskunn mot den han har salva, mot David og hans ætt til evig tid. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
06. juni 2023
23Før troen kom, var vi i varetekt under loven, innestengt helt til den tro som skulle komme, ble åpenbart. 24Slik var loven vår vokter til Kristus kom, for at vi skulle bli kjent rettferdige ved tro. 25Men nå når troen er kommet, er vi ikke lenger under vokteren. ... Vis hele teksten
23Før troen kom, var vi i varetekt under loven, innestengt helt til den tro som skulle komme, ble åpenbart. 24Slik var loven vår vokter til Kristus kom, for at vi skulle bli kjent rettferdige ved tro. 25Men nå når troen er kommet, er vi ikke lenger under vokteren. 26For dere er alle Guds barn ved troen, i Kristus Jesus. 27Alle dere som er døpt til Kristus, har kledd dere i Kristus. 28Her er ikke jøde eller greker, her er ikke slave eller fri, her er ikke mann og kvinne. Dere er alle én i Kristus Jesus. 29Og hører dere Kristus til, er dere Abrahams ætt og arvinger etter løftet.
23Før trua kom, vart vi haldne i varetekt under lova; vi var innestengde heilt til den trua som skulle koma, vart openberra. 24Slik var lova vaktaren vår til Kristus kom, for at vi skulle seiast rettferdige ved tru. ... Vis hele teksten
23Før trua kom, vart vi haldne i varetekt under lova; vi var innestengde heilt til den trua som skulle koma, vart openberra. 24Slik var lova vaktaren vår til Kristus kom, for at vi skulle seiast rettferdige ved tru. 25Men no når trua er komen, er vi ikkje lenger under vaktaren. 26De er alle Guds born ved trua, i Kristus Jesus. 27For alle de som er døypte til Kristus, har kledd dykk i Kristus. 28Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus. 29Og høyrer de Kristus til, då er de Abrahams ætt og arvingar etter lovnaden.
23Ovdal go osku bođii, de mii leimmet lága geahču vuolde ja dan fáŋggat dassážii go osku almmustuvvá. 24Nu láhka lei min bagadeaddji Kristusa boahtima rádjái, vai mii šattašeimmet vanhurskkisin oskku bokte. ... Vis hele teksten
23Ovdal go osku bođii, de mii leimmet lága geahču vuolde ja dan fáŋggat dassážii go osku almmustuvvá. 24Nu láhka lei min bagadeaddji Kristusa boahtima rádjái, vai mii šattašeimmet vanhurskkisin oskku bokte. 25Muhto dál go osku lea boahtán, de mii eat leat šat bagadeaddji vuolde. 26Dii lehpet buohkat Ipmila mánát, go oskubehtet Kristus Jesusii. 27Buohkat dii geat lehpet gásttašuvvon Kristusii, lehpet gárvodan Kristusa. 28Dás ii leat juvddálaš iige greikalaš, ii šlávva iige friddja, ii olmmái iige nisson, dasgo dii buohkat lehpet okta Kristus Jesusis. 29Ja jos dii gullabehtet Kristusii, de dii lehpet Abrahama nálli ja árbbolaččat lohpádusa mielde.