Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Salmane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 54 55 56 57 58 59 60 61 62 63 64 65 66 67 68 69 70 71 72 73 74 75 76 77 78 79 80 81 82 83 84 85 86 87 88 89 90 91 92 93 94 95 96 97 98 99 100 101 102 103 104 105 106 107 108 109 110 111 112 113 114 115 116 117 118 119 120 121 122 123 124 125 126 127 128 129 130 131 132 133 134 135 136 137 138 139 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 150
Se film

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >
19Til korleiaren. Ein salme av David.
          
   
 2 Himmelen kunngjer Guds ære,
          kvelven fortel om det hans hender har gjort.
          
   
 3 Dagen lèt sin tale strøyma til neste dag,
          natt gjev sin kunnskap til natt.
          
   
 4 Det er ikkje tale og ikkje ord.
          Stemmene kan ikkje høyrast.
          
   
 5 Men dei når ut over heile jorda,
          orda når dit verda endar.
        
          I himmelen har han reist eit telt for sola,
          
   
 6 lik ein brudgom går ho ut av sitt kammer.
          Ho gler seg som ein helt til å springa i sin bane.
          
   
 7 Ho gjer sin rundgang frå himmelrand til himmelrand,
          ingen ting er løynd for hennar glød.
          
   
 8 Herrens lov er fullkomen,
          ho gjer livet nytt.
           Herrens vitnemål står fast,
          det gjer den uvitande vis.
          
   
 9 Herrens påbod er rette,
          dei gjer hjartet glad.
           Herrens bod er klårt,
          det gjev auga lys.
          
   
10 Frykta for Herren er rein,
          ho varer til evig tid.
           Herrens dommar er sanne,
          rettferdige er dei alle.
          
   
11 Dei er meir verde enn gull,
          skinande gull i mengd,
          dei er søtare enn honning,
          ny og rennande honning.
          
   
12 Gjennom dei får din tenar åtvaring.
          Det gjev stor løn å halda dei.
          
   
13 Kven kjenner sine eigne feilsteg?
          Frikjenn meg for dei eg ikkje veit om.
          
   
14 Spar din tenar for hovmod,
          lat det ikkje få meg i si makt!
          Då er eg heil og fri for store synder.
          
   
15 Måtte orda frå min munn og tankane i mitt hjarte
          vera til glede for deg, Herre,
          min utløysar og mitt berg!
< Forrige kapittelNeste kapittel >

09. desember 2022

Dagens bibelord

Lukas 7,24–28

Les i nettbibelen

24Da sendebudene fra Johannes var gått, begynte Jesus å tale til folket om Johannes: «Hva gikk dere ut i ødemarken for å se? Et siv som svaier i vinden? ... Vis hele teksten

24Da sendebudene fra Johannes var gått, begynte Jesus å tale til folket om Johannes: «Hva gikk dere ut i ødemarken for å se? Et siv som svaier i vinden? 25Nei! Hva gikk dere ut for å se? En mann kledd i fine klær? De som går i praktfulle klær og lever i luksus, bor i slott. 26Hva gikk dere da ut for å se? En profet? Ja, jeg sier dere: mer enn en profet! 27Det er om ham det står skrevet: Se, jeg sender min budbærer foran deg, han skal rydde veien for deg. 28Jeg sier dere: Blant dem som er født av kvinner, er ingen større enn Johannes. Men den minste i Guds rike er større enn han.

Dagens bibelord

Lukas 7,24–28

Les i nettbibelen

24Då bodberarane frå Johannes var gått, tala Jesus til folket om Johannes: «Kva gjekk de ut i øydemarka for å sjå? Eit sivstrå som svaiar i vinden? ... Vis hele teksten

24Då bodberarane frå Johannes var gått, tala Jesus til folket om Johannes: «Kva gjekk de ut i øydemarka for å sjå? Eit sivstrå som svaiar i vinden? 25Nei! Kva gjekk de ut for å sjå? Ein mann kledd i fine klede? Dei som er staseleg kledde og lever i overflod, held til i slotta sine. 26Men kva gjekk de ut for å sjå? Ein profet? Ja, eg seier dykk: meir enn ein profet! 27Det er om han dette står skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 28Eg seier dykk: Ingen av dei som er fødde av kvinner, er større enn Johannes. Men sjølv den minste i Guds rike er større enn han.

Dagens bibelord

Lukas 7,24–28

Les i nettbibelen

24Go Johannesa áirasat leigga mannan, de Jesus sárdnugođii olbmuide Johannesa birra: “Maid dii vulggiidet meahccái oaidnit? Skáhčirago mii sojada biekkas? ... Vis hele teksten

24Go Johannesa áirasat leigga mannan, de Jesus sárdnugođii olbmuide Johannesa birra: “Maid dii vulggiidet meahccái oaidnit? Skáhčirago mii sojada biekkas? 25Vai maid dii vulggiidet oaidnit? Čábbát gárvodan olbmágo? Dat geat gárvodit hearvás biktasiid ja ellet badjelmearálašvuođas, ásset šloahtain. 26Maid dii vulggiidet oaidnit? Profehtago? Profehta fal, ja mun cealkkán didjiide: Son lea eambbo go profehta. 27Son lea dat gean birra lea čállojuvvon: Mun vuolggahan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu. 28Mun cealkkán didjiide: Ii oktage gii lea riegádan nissonis, leat stuorit go Johannes, muhto buot uhcimusge Ipmila riikkas lea stuorit go son.