Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Salmane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 54 55 56 57 58 59 60 61 62 63 64 65 66 67 68 69 70 71 72 73 74 75 76 77 78 79 80 81 82 83 84 85 86 87 88 89 90 91 92 93 94 95 96 97 98 99 100 101 102 103 104 105 106 107 108 109 110 111 112 113 114 115 116 117 118 119 120 121 122 123 124 125 126 127 128 129 130 131 132 133 134 135 136 137 138 139 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 150

< Forrige kapittelNeste kapittel >
2Kvifor er folkeslag i opprør?
          Kvifor grundar folka på det som er fåfengt?
          
   
 2 Kongane på jorda reiser seg,
          fyrstane slår seg saman
          mot Herren og den han har salva.
          
   
 3 «Lat oss slita sund deira lenkjer
          og kasta reipa av oss!»
          
   
 4 Han ler, han som tronar i himmelen,
          Herren spottar dei.
          
   
 5 Så talar han til dei i sin vreide,
          i sin harme slår han dei med redsle:
          
   
 6 «Det er eg som har innsett min konge
          på Sion, mitt heilage fjell.»
          
   
 7 Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.
          Han sa til meg: «Du er son min, eg har fødd deg i dag.
          
   
 8 Be meg, så gjev eg deg folka som arv
          og heile jorda i eige.
          
   
 9 Du skal knusa dei med jernstav,
          som ei krukke frå pottemakaren skal du slå dei sund.»
          
   
10 Kongar, ver forstandige!
          lat dykk refsa, de som styrer på jorda.
          
   
11 Ten Herren med ærefrykt,
          gled dykk og skjelv for han!
          
   
12 Kyss jorda, så han ikkje blir harm
          og de går til grunne på vegen.
          For hans vreide kan lett flamma opp.
        
          Sæle er dei som søkjer tilflukt hos han.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

18. august 2022

Dagens bibelord

Jesaja 64,6–65,2

Les i nettbibelen

6Det er ingen som kallar på ditt namn, som vaknar opp og held fast ved deg. For du har løynt andletet for oss og gjeve oss over til vår skuld. 7Men no, Herre, er du vår far! Vi er leira, du han som formar oss, alle er vi verk av di hand. ... Vis hele teksten

6Det er ingen som kallar på ditt namn, som vaknar opp og held fast ved deg. For du har løynt andletet for oss og gjeve oss over til vår skuld. 7Men no, Herre, er du vår far! Vi er leira, du han som formar oss, alle er vi verk av di hand. 8Herre, ver ikkje harm, hugs ikkje vår skuld for alltid! Sjå no hit, alle er vi ditt folk! 9Dine heilage byar har vorte til ørken, Sion har vorte ein ørken og Jerusalem ei øydemark. 10Vårt heilage og herlege tempel, der fedrane våre lova deg, har elden svidd av. Alt vi var glade i, er lagt i ruinar. 11Kan du tola dette, Herre, teia og audmjuka oss så djupt? 1Eg hadde svar til dei som ikkje spurde, eg var å finna for dei som ikkje søkte meg. Eg sa: «Her er eg! Her er eg!» til eit folkeslag som ikkje kalla på mitt namn. 2Heile dagen rekte eg hendene ut til eit trassig folk som gjekk fram etter eigne tankar på vegar som ikkje var gode.