Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
20Til korleiaren. Ein salme av David. 2 Måtte Herren svara deg den dagen du er i naud! Måtte namnet til Jakobs Gud verna deg. 3 Måtte han senda hjelp frå heilagdomen og gje deg støtte frå Sion. 4 Måtte han minnast alle dine gåver og ta imot ditt brennoffer. 5 Måtte han gje deg det hjartet ditt ønskjer, og oppfylla alle dine planar, 6 så vi kan jubla over di frelse og lyfta banneret i vår Guds namn. Måtte Herren oppfylla alle dine bøner! 7 No veit eg at Herren bergar den han har salva. Han svarar han frå sin heilage himmel, gjer storverk og frelser med si høgre hand. 8 Somme lit på vogner og somme på hestar, vi lit på namnet til Herren vår Gud. 9 Dei sig i kne og fell, men vi reiser oss og held oss rake. 10 Herre, frels! Måtte kongen svara oss den dagen vi ropar. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. ... Vis hele teksten
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. 22Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’ 23Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!’ 24Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. 26Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. 27Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.» 28Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. 29For han lærte dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde.