Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
21Til korleiaren. Ein salme av David. 2 Herre! Kongen gler seg over di makt. Høgt jublar han over di frelse. 3 Det hans hjarte ønskte, har du gjeve han, du har ikkje nekta han det hans lepper bad om. 4 Du møter og velsignar han med det som godt er, og set ei krone av reint gull på hans hovud. 5 Han bad deg om liv, du gav han levedagar som aldri tek slutt. 6 Stor er hans ære, for du frelser han, høgd og herlegdom gjev du han. 7 Frå deg får han evig velsigning, du fyller han med fryd når du er nær. 8 For kongen set si lit til Herren. Han vaklar ikkje, for Den høgste er trufast. 9 Di hand skal nå alle dine fiendar, di høgre hand skal nå dei som hatar deg. 10 Du gjer dei til ein logande omn når du syner deg. Herren skal sluka dei i sin vreide og elden eta dei opp. 11 Deira frukt skal du rydda ut frå jorda, deira ætt blant menneskeborna. 12 Når dei legg vonde planar mot deg og tenkjer på svik, skal dei ikkje lukkast. 13 Du får dei til å rømma, du spenner bogen mot dei. 14 Ver opphøgd, Herre, i di makt! Vi vil spela og syngja om dine storverk. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. ... Vis hele teksten
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. 22Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’ 23Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!’ 24Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. 26Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. 27Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.» 28Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. 29For han lærte dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde.