Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
22Til korleiaren. Etter «Morgonròdens hind». Ein salme av David. 2 Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg? Kvifor er du så langt borte når eg treng hjelp og skrik ut mi naud? 3 Min Gud, eg ropar om dagen, men du svarar ikkje, eg ropar om natta og finn ikkje ro. 4 Men du er Den heilage, som tronar over Israels lovsong. 5 Til deg sette fedrane si lit, dei leit på deg, og du fria dei ut. 6 Dei ropa til deg og vart berga, dei leit på deg og vart ikkje til skamme. 7 Men eg er ein makk og ikkje ein mann, spotta av menneske, forakta av folk. 8 Alle som ser meg, håner meg, vrengjer leppene og rister på hovudet: 9 «Han har gjeve seg over til Herren, lat han fria han ut og berga han, han har då glede i han!» 10 Du drog meg fram frå mors liv, du gjorde meg trygg ved hennar bryst. 11 Frå eg vart fødd, er eg kasta på deg, frå mors liv er du min Gud. 12 Ver ikkje langt borte frå meg, for trengsla er nær, og det finst ingen som hjelper. 13 Store oksar samlar seg om meg, stutar frå Basan flokkar seg rundt meg. 14 Dei spilar opp gapet mot meg lik ei løve som brøler og riv sund. 15 Eg renn bort som vatn, alle mine bein har losna. Hjartet er som voks, det smeltar inni meg. 16 Munnen er tørr som eit potteskar, tunga er klistra til ganen. Du legg meg ned i dødens støv. 17 Hundar samlar seg om meg, ein flokk av valdsmenn kringset meg. Dei gjennomborar mine hender og føter. 18 Kvart bein i kroppen kan eg telja. Dei stirer, dei ser på meg. 19 Dei deler kleda mine mellom seg og kastar lodd om kappa. 20 Men du, Herre, ver ikkje langt borte; min styrke, skund deg og hjelp meg! 21 Berg mitt liv frå sverdet, det einaste eg har, frå hundars vald! 22 Redd meg frå løvegap! Du har berga meg frå villoksars horn. 23 Eg vil fortelja mine brør om ditt namn. Midt i forsamlinga vil eg lovprisa deg. 24 De som fryktar Herren, lov han! Heile Jakobs ætt, gjev han ære! Ha age for han, heile Israels ætt! 25 For han har ikkje forakta den som er hjelpelaus, og ikkje vendt ryggen til den som lid. Han løynde ikkje andletet, men høyrde då han ropa om hjelp. 26 I den store forsamlinga kjem min lovsong frå deg. Mine lovnader vil eg halda mellom dei som fryktar han. 27 Dei hjelpelause skal eta og bli mette, dei som søkjer Herren, skal lova han. Måtte hjartet deira alltid leva! 28 Heile jorda skal minnast dette og venda om til Herren. Alle folk og slekter skal tilbe han. 29 For kongeveldet høyrer Herren til, han herskar over folka. 30 Alle mektige på jord skal tilbe han, alle som stig ned i støvet, skal bøya kne for hans andlet. Men eg lever for han. 31 Mi ætt skal tena han. Dei skal fortelja om Herren til komande slekter 32 og kunngjera for eit folk som skal fødast, at han har vist si rettferd. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
03. juni 2023
4Hør, Israel! Herren er vår Gud, Herren er én. 5Du skal elske Herren din Gud av hele ditt hjerte og av hele din sjel og av all din makt. 6Disse ordene som jeg pålegger deg i dag, skal du bevare i ditt hjerte. ... Vis hele teksten
4Hør, Israel! Herren er vår Gud, Herren er én. 5Du skal elske Herren din Gud av hele ditt hjerte og av hele din sjel og av all din makt. 6Disse ordene som jeg pålegger deg i dag, skal du bevare i ditt hjerte. 7Du skal gjenta dem for dine barn og snakke om dem når du sitter i ditt hus og når du går på veien, når du legger deg og når du står opp. 8Du skal binde dem om hånden som et tegn og ha dem på pannen som et merke. 9Du skal skrive dem på dørstolpene i huset ditt og på portene dine.
4Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin. 5Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt. 6Desse orda som eg byd deg i dag, skal du gøyma i hjartet ditt. ... Vis hele teksten
4Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin. 5Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt. 6Desse orda som eg byd deg i dag, skal du gøyma i hjartet ditt. 7Du skal innprenta dei i borna dine og snakka om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp. 8Du skal binda dei om handa di som eit teikn og bera dei på panna som eit merke. 9Du skal skriva dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine.
4Gula, Israel! Hearrá lea min Ipmil, Hearrá lea okta. 5Ráhkis Hearrá, Ipmilat, oppa váimmus ja oppa sielus ja oppa fámus. 6Vurke váibmosat dáid gohččumiid maid mun odne attán dutnje. ... Vis hele teksten
4Gula, Israel! Hearrá lea min Ipmil, Hearrá lea okta. 5Ráhkis Hearrá, Ipmilat, oppa váimmus ja oppa sielus ja oppa fámus. 6Vurke váibmosat dáid gohččumiid maid mun odne attán dutnje. 7Don galggat cieggadit daid mánáidasat ja sárdnut daid go čohkkát viesustat ja go váccát olgun, go velledat ja go lihkat. 8Čana daid mearkan giehtasat ja ane daid dovdomearkan gállustat. 9Čále daid iežat viesu uksastoalppuide ja iežat gávpotpoarttaide.