Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Salmane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 54 55 56 57 58 59 60 61 62 63 64 65 66 67 68 69 70 71 72 73 74 75 76 77 78 79 80 81 82 83 84 85 86 87 88 89 90 91 92 93 94 95 96 97 98 99 100 101 102 103 104 105 106 107 108 109 110 111 112 113 114 115 116 117 118 119 120 121 122 123 124 125 126 127 128 129 130 131 132 133 134 135 136 137 138 139 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 150

< Forrige kapittelNeste kapittel >
22Til korleiaren. Etter «Morgonròdens hind». Ein salme av David.
          
   
 2 Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?
          Kvifor er du så langt borte
          når eg treng hjelp og skrik ut mi naud?
          
   
 3 Min Gud, eg ropar om dagen, men du svarar ikkje,
          eg ropar om natta og finn ikkje ro.
          
   
 4 Men du er Den heilage,
          som tronar over Israels lovsong.
          
   
 5 Til deg sette fedrane si lit,
          dei leit på deg, og du fria dei ut.
          
   
 6 Dei ropa til deg og vart berga,
          dei leit på deg og vart ikkje til skamme.
          
   
 7 Men eg er ein makk og ikkje ein mann,
          spotta av menneske, forakta av folk.
          
   
 8 Alle som ser meg, håner meg,
          vrengjer leppene og rister på hovudet:
          
   
 9 «Han har gjeve seg over til Herren,
          lat han fria han ut og berga han,
          han har då glede i han!»
          
   
10 Du drog meg fram frå mors liv,
          du gjorde meg trygg ved hennar bryst.
          
   
11 Frå eg vart fødd, er eg kasta på deg,
          frå mors liv er du min Gud.
          
   
12 Ver ikkje langt borte frå meg,
          for trengsla er nær,
          og det finst ingen som hjelper.
          
   
13 Store oksar samlar seg om meg,
          stutar frå Basan flokkar seg rundt meg.
          
   
14 Dei spilar opp gapet mot meg
          lik ei løve som brøler og riv sund.
          
   
15 Eg renn bort som vatn,
          alle mine bein har losna.
          Hjartet er som voks, det smeltar inni meg.
          
   
16 Munnen er tørr som eit potteskar,
          tunga er klistra til ganen.
          Du legg meg ned i dødens støv.
          
   
17 Hundar samlar seg om meg,
          ein flokk av valdsmenn kringset meg.
          Dei gjennomborar mine hender og føter.
          
   
18 Kvart bein i kroppen kan eg telja.
          Dei stirer, dei ser på meg.
          
   
19 Dei deler kleda mine mellom seg
          og kastar lodd om kappa.
          
   
20 Men du, Herre, ver ikkje langt borte;
          min styrke, skund deg og hjelp meg!
          
   
21 Berg mitt liv frå sverdet,
          det einaste eg har, frå hundars vald!
          
   
22 Redd meg frå løvegap!
          Du har berga meg frå villoksars horn.
          
   
23 Eg vil fortelja mine brør om ditt namn.
          Midt i forsamlinga vil eg lovprisa deg.
          
   
24 De som fryktar Herren, lov han!
          Heile Jakobs ætt, gjev han ære!
          Ha age for han, heile Israels ætt!
          
   
25 For han har ikkje forakta den som er hjelpelaus,
          og ikkje vendt ryggen til den som lid.
          Han løynde ikkje andletet,
          men høyrde då han ropa om hjelp.
          
   
26 I den store forsamlinga kjem min lovsong frå deg.
          Mine lovnader vil eg halda mellom dei som fryktar han.
          
   
27 Dei hjelpelause skal eta og bli mette,
          dei som søkjer Herren, skal lova han.
          Måtte hjartet deira alltid leva!
          
   
28 Heile jorda skal minnast dette
          og venda om til Herren.
          Alle folk og slekter skal tilbe han.
          
   
29 For kongeveldet høyrer Herren til,
          han herskar over folka.
          
   
30 Alle mektige på jord skal tilbe han,
          alle som stig ned i støvet,
          skal bøya kne for hans andlet.
          Men eg lever for han.
          
   
31 Mi ætt skal tena han.
          Dei skal fortelja om Herren til komande slekter
          
   
32 og kunngjera for eit folk som skal fødast,
          at han har vist si rettferd.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

24. september 2022

Dagens bibelord

Romerne 11,33–36

Les i nettbibelen

33Å, dyp av rikdom og visdom og kunnskap hos Gud! Hvor uransakelige hans dommer er, hvor ufattelige hans veier! 34Hvem kjente Herrens sinn, og hvem var hans rådgiver? 35Hvem ga ham noe først så han skulle få noe igjen? ... Vis hele teksten

33Å, dyp av rikdom og visdom og kunnskap hos Gud! Hvor uransakelige hans dommer er, hvor ufattelige hans veier! 34Hvem kjente Herrens sinn, og hvem var hans rådgiver? 35Hvem ga ham noe først så han skulle få noe igjen? 36For fra ham og ved ham og til ham er alle ting. Ham være ære i all evighet! Amen.