Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
28Av David. Til deg, Herre, ropar eg. Mitt berg, tei ikkje, vend deg ikkje frå meg! Svarar du meg ikkje, blir eg lik dei som har gått i grav. 2 Høyr mi bøn når eg ropar til deg om hjelp, når eg lyfter hendene mine mot Det høgheilage i ditt tempel. 3 Riv meg ikkje bort med dei skuldige, med dei som gjer urett. Dei talar venleg med sin neste, men har vondskap i hjartet. 4 Gjev dei att for det dei har gjort, for deira vonde handlingar! Gjev dei att for det hendene deira har gjort! Lat dei få det dei fortener! 5 For dei kjenner ikkje Herrens gjerningar, det han gjer med sine hender. Han skal riva dei ned og ikkje byggja dei opp att! 6 Velsigna er Herren, for han høyrer mi bøn! 7 Herren er mitt vern og mitt skjold, mitt hjarte sette si lit til han, og eg fekk hjelp. Hjartet jubla, med song vil eg prisa han. 8 Herren er eit vern for sitt folk, ei tilflukt som bergar den han har salva. 9 Frels ditt folk og velsigna din eigedom! Ver du deira hyrding og ber dei alltid! |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. ... Vis hele teksten
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. 22Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’ 23Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!’ 24Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. 26Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. 27Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.» 28Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. 29For han lærte dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde.