Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
32Av David. Ein læresalme. Sæl er den som får sine brot tilgjevne og sine synder tildekte! 2 Sælt er det mennesket som Herren ikkje tilreknar skuld, som i si ånd er utan svik. 3 Så lenge eg tagde, tærtest beina i kroppen bort medan eg stønna heile dagen. 4 For dag og natt låg di hand tungt på meg. Mi livssaft svann som i heten om sommaren. 5 Då sanna eg mi synd for deg, og mi skuld dekte eg ikkje over. Eg sa: «Eg vil sanna mine brot for Herren.» Og du tok bort mi syndeskuld. 6 Difor skal alle trugne be til deg i tider med trengsle. Om det kjem ein veldig flaum, skal vatnet ikkje nå dei. 7 Du skjermar meg, du vernar meg mot naud, med frelsejubel omgjev du meg. 8 Eg vil gjera deg vis og læra deg den vegen du skal gå, eg vil la mitt auge kvila på deg og gje deg råd. 9 Ver ikkje lik hest og muldyr, utan vit! Deira prydnad er taum og beksel til å tvinga dei med, elles kjem dei ikkje til deg. 10 Den urettferdige har mange plager, men den som set si lit til Herren, kransar han med miskunn. 11 Gled dykk i Herren og jubla, de rettferdige! Bryt ut i fagnadrop, alle de ærlege av hjartet! |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. ... Vis hele teksten
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. 22Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’ 23Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!’ 24Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. 26Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. 27Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.» 28Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. 29For han lærte dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde.