Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Salmane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 54 55 56 57 58 59 60 61 62 63 64 65 66 67 68 69 70 71 72 73 74 75 76 77 78 79 80 81 82 83 84 85 86 87 88 89 90 91 92 93 94 95 96 97 98 99 100 101 102 103 104 105 106 107 108 109 110 111 112 113 114 115 116 117 118 119 120 121 122 123 124 125 126 127 128 129 130 131 132 133 134 135 136 137 138 139 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 150

< Forrige kapittelNeste kapittel >
37Av David.
        
          א Bli ikkje sint på valdsmenn,
          misunn ikkje dei som gjer urett!
          
   
 2 Som graset visnar dei fort,
          som grøne groen tørkar dei ut.
          
   
 3 ב Set di lit til Herren og gjer det gode.
          Bu i landet og ta vare på truskap!
          
   
 4 Ha di lyst og glede i Herren,
          så gjev han deg alt ditt hjarte bed om!
          
   
 5 ג Legg din veg i Herrens hand!
          Set di lit til han, så grip han inn.
          
   
 6 Han lèt di rettferd stiga opp som lyset,
          din rett som høglys dag.
          
   
 7 ד Ver still for Herren og vent på han!
          Harmast ikkje over den som lukkast med sin veg,
          den som set i verk vonde planar!
          
   
 8 ה Gjev slepp på vreiden, lat harmen liggja!
          Bli ikkje arg, det fører til det vonde.
          
   
 9 For valdsmenn skal ryddast ut,
          men dei som ventar på Herren, skal arva landet.
          
   
10 ו Om ei lita stund er den lovlause borte.
          Ser du etter han der han var, er han ikkje der.
          
   
11 Men dei hjelpelause skal arva landet
          og gleda seg over varig fred.
          
   
12 ז Den urettferdige legg vonde planar mot den rettferdige
          og skjer tenner mot han.
          
   
13 Herren ler av han,
          for han ser at hans dag skal koma.
          
   
14 ח Dei lovlause dreg sverdet og spenner bogen.
          Dei vil fella den hjelpelause og fattige,
          slakta ned den som går på rett veg.
          
   
15 Sverdet skal råka deira eige hjarte,
          og bogane skal brytast sund.
          
   
16 ט Det vesle den rettferdige eig,
          er betre enn den store rikdomen til dei urettferdige.
          
   
17 For armane på dei urettferdige skal brytast,
          men Herren held oppe dei rettferdige.
          
   
18 י Herren kjenner dagane til dei heilhjarta,
          deira arv skal vara til evig tid.
          
   
19 Dei blir ikkje til skamme i vonde tider,
          når det er hungersnaud, får dei eta seg mette.
          
   
20 כ Men dei lovlause går til grunne.
           Herrens fiendar blir borte som blomeprakta på marka,
          dei kverv som røyk.
          
   
21 ל Den urettferdige låner og gjev ikkje att,
          den rettferdige er miskunnsam og gåvmild.
          
   
22 Dei Herren velsignar, skal arva landet,
          dei han forbannar, skal ryddast ut.
          
   
23 מ Herren gjer mannens steg faste
          og gleder seg over hans veg.
          
   
24 Om han fell, går han ikkje over ende,
          for Herren held hans hand.
          
   
25 נ Ung har eg vore, no er eg gammal,
          aldri har eg sett ein rettferdig forlaten
          eller hans born be om brød.
          
   
26 Han er alltid miskunnsam og låner ut,
          hans born blir ei velsigning.
          
   
27 ס Vend deg bort frå det vonde og gjer det gode,
          så skal du bu trygt for alltid.
          
   
28 For Herren elskar det som er rett,
          han forlèt ikkje sine trugne.
        
          ע Dei blir haldne oppe til evig tid,
          men borna til dei urettferdige blir utrydda.
          
   
29 Dei rettferdige skal arva landet
          og alltid få bu i det.
          
   
30 פ I munnen til den rettferdige er det visdom,
          hans tunge talar rett.
          
   
31 Guds lov er i hans hjarte.
          Hans fot skal aldri vakla.
          
   
32 צ Den urettferdige vaktar på den rettferdige
          og prøver å ta hans liv.
          
   
33 Herren overgjev han ikkje i den urettferdiges hand
          og dømmer han ikkje skuldig i retten.
          
   
34 ק Vent på Herren og hald deg til hans veg!
          Han lyfter deg opp så du arvar landet.
          Du får sjå at dei lovlause blir utrydda.
          
   
35 ר Eg såg ein lovlaus valdsmann.
          Han briska seg som ein frodig seder.
          
   
36 Sidan kom eg framom, då var han borte!
          Eg leita, han var ikkje å finna.
          
   
37 ש Legg merke til den heilhjarta!
          Sjå på den rettskafne!
          Det er framtid for den som skaper fred.
          
   
38 Men brotsmenn blir utrydda alle som ein,
          dei lovlause får si framtid hoggen av.
          
   
39 ת Dei rettferdige får si hjelp frå Herren,
          han er deira vern i tider med trengsle.
          
   
40 Herren hjelper dei og friar dei ut.
          Han friar dei frå dei urettferdige og frelser dei,
          for dei søkjer tilflukt hos han.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

06. juli 2022

Dagens bibelord

Matteus 7,21–29

Les i nettbibelen

21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. ... Vis hele teksten

21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. 22Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’ 23Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!’ 24Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. 26Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. 27Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.» 28Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. 29For han lærte dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde.