Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
4Til korleiaren. Med strengespel. Ein salme av David. 2 Svar meg når eg ropar, du min rettferds Gud! Du viser meg ein veg ut av nauda. Ver meg nådig og høyr mi bøn! 3 De menneske, kor lenge skal mi ære krenkjast? Kor lenge skal de elska det som er tomt og jaga etter løgn? 4 Vit at Herren gjer under for den som er trufast mot han. Herren høyrer når eg ropar til han. 5 Skjelv for han og synd ikkje meir. Sei til dykk sjølve når de går til ro: «Ver stille!» 6 Ber fram rette offer og set dykkar lit til Herren! 7 Mange seier: Kven kan gje oss lukke? Lat lyset frå ditt andlet skina over oss, Herre! 8 Du gjev meg større glede i hjartet enn andre får av mengder med korn og vin. 9 I fred vil eg leggja meg ned og sova. For du, Herre, berre du lèt meg kvila trygt. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. ... Vis hele teksten
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. 22Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’ 23Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!’ 24Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. 26Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. 27Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.» 28Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. 29For han lærte dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde.