Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
40Til korleiaren. Ein salme av David. 2 Eg venta og vona på Herren. Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop. 3 Han drog meg opp or den tynande grav, opp av den djupe gjørma. Han sette mine føter på fjell og gjorde mine steg faste. 4 Han la ein ny song i min munn, ein lovsong til vår Gud. Mange skal sjå det og ottast og setja si lit til Herren. 5 Sæl er den som set si lit til Herren, som ikkje vender seg til dei stolte, til dei som fell frå i løgn. 6 Store ting har du gjort for oss, Herre, min Gud, underfulle verk og planar, ingen er din like. Vil eg fortelja og tala om dei, er dei for mange til å reknast. 7 Du har ikkje glede i offer og gåver – du har opna mine øyre – brennoffer og syndoffer krev du ikkje. 8 Då sa eg: «Sjå, her kjem eg. I bokrullen er det skrive om meg. 9 Min Gud, å gjera din vilje gjev meg glede, di lov er djupt i mitt indre.» 10 Eg forkynte rettferd i den store forsamlinga. Eg heldt ikkje att mi tunge, Herre, du veit det. 11 Di rettferd heldt eg ikkje skjult i hjartet, eg tala om din truskap og di frelse. Eg løynde ikkje di miskunn og di sanning i den store forsamlinga. 12 Herre, du vil ikkje halda di miskunn tilbake. Din truskap og di sanning skal alltid verna meg. 13 For tallause ulukker omgjev meg, mine synder har nådd meg att, eg kan ikkje sjå. Dei er fleire enn håra på hovudet, motet har svikta meg. 14 Vis godvilje, Herre, og fri meg ut! Herre, skund deg og hjelp meg! 15 Lat alle som står meg etter livet, bli til skamme og til spott! Lat dei som vil meg vondt, dra seg tilbake utan ære! 16 Dei som ler og håner meg, skal bli slegne av skam. 17 Lat alle som søkjer deg, fryda og gleda seg i deg! Lat dei som elskar di frelse, alltid seia: «Stor er Herren!» 18 Men eg er hjelpelaus og fattig. Herren skal tenkja på meg. Du er mi hjelp, du bergar meg. Dryg ikkje lenger, min Gud! |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. ... Vis hele teksten
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. 22Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’ 23Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!’ 24Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. 26Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. 27Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.» 28Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. 29For han lærte dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde.