Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
5Til korleiaren. Med fløytespel. Ein salme av David. 2 Herre, høyr mine ord! Lytt til mi klage! 3 Høyr mitt rop om hjelp, min konge og min Gud, for eg bed til deg. 4 Herre, om morgonen høyrer du mi røyst, tidleg ber eg fram mitt offer og ventar. 5 Du er ein Gud som ikkje toler urett. Ingen vonde får bu hos deg. 6 Dei hovmodige får ikkje stiga fram for dine auge. Du hatar alle som gjer vondt, 7 du gjer ende på dei som talar løgn. Herren avskyr drapsmenn og svikarar. 8 Men ved di store miskunn kan eg gå inn i ditt hus. Eg kastar meg ned i ærefrykt for deg, vend mot ditt heilage tempel. 9 Herre, lei meg i di rettferd så fienden ikkje når meg. Gjer vegen din jamn for meg! 10 For det finst ikkje sanning i deira munn, forderva er deira indre. Strupen er ei open grav, og tunga er glatt. 11 Gud, lat dei bøta for si skuld, lat dei falla for sine eigne planar! Driv dei bort og sprei dei, syndene deira er mange. For dei har trassa deg. 12 Men alle som søkjer tilflukt hos deg, skal gleda seg, alltid skal dei jubla. Du vernar dei. Dei frydar seg i deg, dei som elskar ditt namn. 13 For du, Herre, velsignar den rettferdige, du dekkjer han med nåde som skjold. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. ... Vis hele teksten
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. 22Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’ 23Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!’ 24Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. 26Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. 27Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.» 28Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. 29For han lærte dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde.