Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
50Ein salme av Asaf. Gud over gudar talar, Herren ropar til jorda der sol går opp og der sol går ned. 2 Frå Sion, det fullkome vakre, strålar Gud fram. 3 Vår Gud kjem, han teier ikkje. Framfor han går ein øydande eld, kring han stormar det sterkt. 4 Han kallar på himmelen der oppe og på jorda, for han vil dømma sitt folk. 5 Samla mine trugne hos meg, dei som med offer har gjort pakt med meg. 6 Himmelen forkynner hans rettferd, Han er ein Gud som dømmer. 7 Høyr, mitt folk, eg vil tala, Israel, eg vil vitna mot deg. Eg er Gud, din Gud. 8 Det er ikkje for dine slaktoffer eg viser deg til rette, dine brennoffer er alltid framfor meg. 9 Men eg tek ikkje oksar frå ditt hus eller bukkar frå dine kveer. 10 For alt viltet i skogen er mitt, dyra på dei tusen fjell. 11 Eg kjenner alle fuglar i fjellet, krypet på marka høyrer meg til. 12 Var eg svolten, sa eg det ikkje til deg, for jorda og det som fyller henne, høyrer meg til. 13 Skulle eg eta kjøt av oksar eller drikka blod av bukkar? 14 Du skal ofra lovsong til Gud, oppfylla dine lovnader til Den høgste! 15 Kall på meg den dagen du er i naud, så vil eg fria deg ut, og du skal gje meg ære. 16 Men til den lovlause seier Gud: Kvifor står du og ramsar opp mine bod og tek mi pakt i din munn? 17 Du har jo hata formaning og kasta mine ord bak deg. 18 Ser du ein tjuv, slår du følgje med han, med ekteskapsbrytarar held du lag. 19 Du slepper munnen laus i vondskap, med tunga spinn du svik. 20 Du sit og talar mot bror din, son til mor di skitnar du til. 21 Dette gjorde du, og eg tagde. Du tenkte eg var nett som du. Men eg skal visa deg til rette, stilla saka fram for deg. 22 Forstå dette, de som gløymer Gud! Elles riv eg dykk sund, og ingen kan berga dykk. 23 Den som ofrar lovsong, gjev meg ære, den som gjer sin veg fast, lèt eg sjå Guds frelse. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. ... Vis hele teksten
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. 22Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’ 23Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!’ 24Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. 26Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. 27Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.» 28Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. 29For han lærte dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde.