Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
51Til korleiaren. Ein salme av David,
2 då profeten Natan kom til han etter at han hadde vore hos Batseba. 3 Ver meg nådig, Gud, i din kjærleik, stryk ut mitt brot i di store miskunn! 4 Vask meg rein for skuld og reins meg for mi synd! 5 For mine brot kjenner eg, mi synd står alltid for meg. 6 Mot deg åleine har eg synda, det som er vondt i dine auge, har eg gjort. Difor har du rett når du talar, du er rein når du feller dom. 7 Ja, med skuld vart eg fødd, med synd vart eg til i mors liv. 8 Sjå, du gler deg over sanning i mitt indre, du lærer meg visdom i det løynde. 9 Ta bort mi synd med isop, så eg blir rein, vask meg, så eg blir kvitare enn snø. 10 Lat meg få oppleva fryd og glede, lat beina du knuste, få jubla. 11 Løyn ditt andlet for mine synder, stryk ut all mi skuld! 12 Gud, skap i meg eit reint hjarte, gjev meg ei ny og stødig ånd! 13 Driv meg ikkje bort frå ditt andlet, ta ikkje frå meg din heilage Ande! 14 Gjev meg atter gleda over di frelse, hald meg oppe med ei villig ånd! 15 Eg vil læra brotsmenn dine vegar, syndarar skal venda om til deg. 16 Fri meg, Gud, frå blodskuld, du Gud som er mi frelse! Så skal tunga mi jubla over di rettferd. 17 Herre, lat opp mine lepper så min munn kan lovprisa deg. 18 For du har ikkje glede i slaktoffer; mitt brennoffer bryr du deg ikkje om. 19 Offer for Gud er ei sundbroten ånd. Gud, du foraktar ikkje eit sundbrote og knust hjarte. 20 Gjer vel mot Sion i din nåde, bygg Jerusalems murar! 21 Då skal du ha glede i rette offer, brennoffer og heiloffer. Då skal dei ofra oksar på ditt altar. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
28. mars 2023
9Bryt ut i jubel, datter Sion! Rop av glede, datter Jerusalem! Se, din konge kommer til deg, rettferdig og rik på seier, fattig er han og rir på et esel, på en eselfole. ... Vis hele teksten
9Bryt ut i jubel, datter Sion! Rop av glede, datter Jerusalem! Se, din konge kommer til deg, rettferdig og rik på seier, fattig er han og rir på et esel, på en eselfole. 10Jeg skal gjøre ende på vognene i Efraim og hestene i Jerusalem, krigsbuen skal brytes i stykker. Han skal forkynne fred for folkeslagene, hans velde skal nå fra hav til hav, fra Storelven til jordens ender.
9Bryt ut i jubel, dotter Sion! Rop av glede, dotter Jerusalem! Sjå, kongen din kjem til deg, rettferdig og rik på siger, fattig er han og rid på eit esel, på ein eselfole. ... Vis hele teksten
9Bryt ut i jubel, dotter Sion! Rop av glede, dotter Jerusalem! Sjå, kongen din kjem til deg, rettferdig og rik på siger, fattig er han og rid på eit esel, på ein eselfole. 10Eg vil rydda ut vognene i Efraim og hestane i Jerusalem, stridsbogen skal brytast sund. Han skal tala fred for folkeslaga, hans velde skal nå frå hav til hav, frå Storelva til endane av jorda.
9Čuorvvo ilus, nieida Sion, ávvut sakka, nieida Jerusalem! Geahča, du gonagas boahtá. Son lea vanhurskkis ja buktá bestojumi, son lea vuollegaš, son riide áseniin, nuorra ásenoriin. ... Vis hele teksten
9Čuorvvo ilus, nieida Sion, ávvut sakka, nieida Jerusalem! Geahča, du gonagas boahtá. Son lea vanhurskkis ja buktá bestojumi, son lea vuollegaš, son riide áseniin, nuorra ásenoriin. 10Son duššada soahtevovnnaid Efraimis ja heasttaid Jerusalemis, son doadjá soahtedávggiid. Son gulaha álbmogiidda ráfi, su váldi ollá mearas merrii, Eufrata rájes gitta máilmmi ravddaid rádjái.