Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
56Til korleiaren. Etter «Dua i terebintene langt borte». Ein miktam. Av David, då filistrane greip han i Gat. 2 Ver meg nådig, Gud! Folk jagar meg, stridsmenn trengjer seg på meg heile dagen. 3 Fiendar jagar meg dagen lang, frå si høgd går dei til åtak, dei er mange. 4 Når eg er redd, stolar eg på deg. 5 Eg stolar på Gud, eg prisar hans ord. Eg stolar på Gud, eg er ikkje redd. Kva kan vel menneske gjera meg? 6 Dei vrir på orda mine dagen lang, dei tenkjer berre på å skada meg. 7 Dei slår seg saman og ligg på lur, dei vaktar mine steg, ventar berre på å ta mitt liv. 8 Skal dei sleppa unna med sin urett? Støyt folkeslag ned i din vreide, Gud! 9 Du har talt mine heimlause steg, mine tårer har du samla i di lêrflaske. Står det ikkje i di bok? 10 Difor må fienden dra seg tilbake den dagen eg ropar. Det veit eg, at Gud er med meg. 11 Eg stolar på Gud, eg prisar ordet, eg lit på Herren, eg prisar ordet. 12 Eg stolar på Gud, eg er ikkje redd. Kva kan eit menneske gjera meg? 13 Eg vil halda mine lovnader til deg, Gud, difor kjem eg med lovsongsoffer til deg. 14 For du har berga mitt liv frå døden og foten frå å snubla, så eg kan ferdast for Guds andlet i livsens lys. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
24Deretter sa Jesus til disiplene: «Om noen vil følge etter meg, må han fornekte seg selv og ta sitt kors opp og følge meg. 25For den som vil berge sitt liv, skal miste det. Men den som mister sitt liv for min skyld, skal finne det. ... Vis hele teksten
24Deretter sa Jesus til disiplene: «Om noen vil følge etter meg, må han fornekte seg selv og ta sitt kors opp og følge meg. 25For den som vil berge sitt liv, skal miste det. Men den som mister sitt liv for min skyld, skal finne det. 26Hva vil det gagne et menneske om det vinner hele verden, men taper sin sjel? Eller hva skal et menneske gi som vederlag for sin sjel? 27For Menneskesønnen skal komme i sin Fars herlighet sammen med sine engler, og da skal han lønne hver og en etter det han har gjort.