Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
59Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam. Av David, då Saul sende folk som skulle vakta på huset for å drepa han. 2 Gud, fri meg frå fiendar, vern meg mot dei som reiser seg mot meg! 3 Fri meg frå dei som gjer urett, frels meg frå drapsmenn! 4 No ligg dei og lurer på meg. Dei sterke kastar seg over meg, men brot eller synder har eg ikkje gjort, Herre. 5 Eg er utan skuld, men dei spring fram og stiller opp til strid. Vakna, kom til meg og sjå! 6 Gud, Herre Sebaot, du er Israels Gud. Vakna og hald rekneskap med alle folk, ver ikkje nådig mot dei som fer med urett og svik! 7 Dei kjem att kvar kveld, dei hyler som hundar og går rundt i byen. 8 Høyr, dei lèt munnen renna over, leppene er som sverd. Er det nokon som høyrer? 9 Men du, Herre, ler av dei, du håner alle folkeslag. 10 Min styrke, eg ser etter deg, for Gud er mitt vern. 11 Min Gud møter meg med miskunn, han lèt meg sjå ned på mine fiendar. 12 Drep dei ikkje, for då gløymer folket. Styrt dei med makt så dei må flakka omkring, Herre, vårt skjold! 13 Orda dei har på leppene, er synd frå deira munn. Lat dei fangast i sitt hovmod! Dei talar forbanning og løgn. 14 Gjer ende på dei i din harme, gjer ende på dei, så dei ikkje meir er til. Så skal dei skjøna at det er Gud som rår i Jakob, heilt til endane av jorda. 15 Dei kjem att kvar kveld, dei hyler som hundar og går rundt i byen. 16 Dei flakkar om etter mat, dei knurrar om dei ikkje blir mette. 17 Men eg vil syngja om di makt og jubla kvar morgon over di miskunn. For du har vorte mitt vern, ei tilflukt den dagen eg er i naud. 18 Min styrke, eg vil syngja for deg, for Gud er mitt vern, min Gud som viser miskunn. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. ... Vis hele teksten
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. 22Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’ 23Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!’ 24Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. 26Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. 27Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.» 28Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. 29For han lærte dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde.