Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
62Til korleiaren. Etter Jedutun. Ein salme av David. 2 Berre hos Gud er eg stille, frå han kjem mi frelse. 3 Berre han er mitt berg og mi frelse og mitt vern, eg skal ikkje vakla. 4 Kor lenge kan de alle gå laus på ein mann for å slå han i hel? Han er då ein lutande vegg, ein nedbroten mur. 5 Dei legg planar om å støyta han ned, ned frå hans høgd, dei elskar svik. Dei velsignar med munnen, men inst inne forbannar dei. 6 Berre hos Gud skal eg vera still, frå han kjem mi von. 7 Berre han er mitt berg og mi frelse og mitt vern, eg skal ikkje vakla. 8 Hos Gud er mi frelse og mi ære. Mitt mektige berg, mi tilflukt er hos Gud. 9 Lit alltid på han, de folk, aus ut dykkar hjarte for han! Gud er vår tilflukt. 10 Småfolk er berre ein pust, stormenn er ei løgn, på vektskåla vippar dei opp, lettare enn eit vindpust er dei alle. 11 Set ikkje lit til vald, ha ikkje fåfengd von til rov! Om rikdomen aukar, lat deg ikkje merka med det! 12 Éin gong har Gud tala, to ting har eg høyrt: at makta tilhøyrer Gud, 13 og at all miskunn, Herre, høyrer deg til. Du løner kvar og ein etter det han har gjort. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
24Deretter sa Jesus til disiplene: «Om noen vil følge etter meg, må han fornekte seg selv og ta sitt kors opp og følge meg. 25For den som vil berge sitt liv, skal miste det. Men den som mister sitt liv for min skyld, skal finne det. ... Vis hele teksten
24Deretter sa Jesus til disiplene: «Om noen vil følge etter meg, må han fornekte seg selv og ta sitt kors opp og følge meg. 25For den som vil berge sitt liv, skal miste det. Men den som mister sitt liv for min skyld, skal finne det. 26Hva vil det gagne et menneske om det vinner hele verden, men taper sin sjel? Eller hva skal et menneske gi som vederlag for sin sjel? 27For Menneskesønnen skal komme i sin Fars herlighet sammen med sine engler, og da skal han lønne hver og en etter det han har gjort.