Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
64Til korleiaren. Ein salme av David. 2 Høyr meg, Gud, når eg bed, vern mitt liv når fienden skremmer! 3 Gøym meg for banden av valdsmenn, for hopen av dei som gjer urett. 4 Dei kvesser si tunge som eit sverd og siktar inn pilene, dei beiske orda. 5 Frå bakhald vil dei skyta den skuldlause. Brått skyt dei han, dei er ikkje redde. 6 Dei styrkjer kvarandre med vonde ord. Dei talar om å setja snarer og seier: «Ingen vil sjå dei.» 7 Dei tenkjer ut vondskap. «No er vi klare, tanken er tenkt, det er store djup i menneskehjartet!» 8 Men Gud skyt dei med piler, brått blir dei råka. 9 Han fører dei til fall, deira eiga tunge rammar dei. Alle som ser dei, blir skaka. 10 Alle menneske blir gripne av frykt. Dei kunngjer Guds verk og skjønar det han har gjort. 11 Den rettferdige gleder seg i Herren og søkjer tilflukt hos han. Den ærlege av hjartet prisar seg lukkeleg. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. ... Vis hele teksten
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. 22Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’ 23Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!’ 24Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. 26Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. 27Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.» 28Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. 29For han lærte dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde.