Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
66Til korleiaren. Ein song. Ein salme. Rop med jubel for Gud, all jorda! 2 Spel og syng til ære for hans namn, gjev han pris og ære! 3 Sei til Gud: «Kor skremmande dine gjerningar er!» Fienden kryp for di store makt. 4 Heile jorda skal bøya seg for deg, dei skal spela for deg og lovsyngja ditt namn. 5 Kom og sjå alt Gud har gjort, skremmande er hans gjerningar mellom menneska. 6 Han gjorde sjø til tørt land, gjennom elva gjekk dei til fots. Difor gleder vi oss over han. 7 Han herskar med velde til evig tid, hans auge granskar folkeslag. Ingen opprørar skal reisa seg. 8 De folk, velsign vår Gud! Lat lovsongen lyda for han. 9 Han held oss i live og lèt ikkje våre føter vakla. 10 For du har prøvd oss, Gud, reinsa oss som dei reinsar sølv. 11 Du lét oss gå i garnet, du la ei bør av motgang på våre hofter. 12 Du lét menneske ri over våre hovud, vi gjekk gjennom eld og vatn. Så førte du oss ut til overflod. 13 Eg kjem med brennoffer til ditt hus, eg vil halda det eg lova deg, 14 det leppene tala, det munnen sa då eg var i naud. 15 Eg gjev deg feite dyr som brennoffer saman med røyken av vêrar. Eg ofrar både oksar og bukkar. 16 Kom og høyr, alle de som fryktar Gud, eg skal fortelja kva han har gjort mot meg. 17 Min munn ropa til han, på tunga var det lovsong. 18 Hadde eg urett i sinne, ville Herren ikkje ha høyrt meg. 19 Men Gud har høyrt! Han vende øyret til mi bøn. 20 Velsigna er Gud. Han la ikkje mi bøn til side og tok ikkje frå meg si miskunn. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. ... Vis hele teksten
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. 22Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’ 23Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!’ 24Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. 26Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. 27Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.» 28Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. 29For han lærte dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde.