Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Salmane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 54 55 56 57 58 59 60 61 62 63 64 65 66 67 68 69 70 71 72 73 74 75 76 77 78 79 80 81 82 83 84 85 86 87 88 89 90 91 92 93 94 95 96 97 98 99 100 101 102 103 104 105 106 107 108 109 110 111 112 113 114 115 116 117 118 119 120 121 122 123 124 125 126 127 128 129 130 131 132 133 134 135 136 137 138 139 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 150

< Forrige kapittelNeste kapittel >
66Til korleiaren. Ein song. Ein salme.
        
          Rop med jubel for Gud, all jorda!
          
   
 2 Spel og syng til ære for hans namn,
          gjev han pris og ære!
          
   
 3 Sei til Gud: «Kor skremmande dine gjerningar er!»
          Fienden kryp for di store makt.
          
   
 4 Heile jorda skal bøya seg for deg,
          dei skal spela for deg og lovsyngja ditt namn.
          
   
 5 Kom og sjå alt Gud har gjort,
          skremmande er hans gjerningar mellom menneska.
          
   
 6 Han gjorde sjø til tørt land,
          gjennom elva gjekk dei til fots.
          Difor gleder vi oss over han.
          
   
 7 Han herskar med velde til evig tid,
          hans auge granskar folkeslag.
          Ingen opprørar skal reisa seg.
          
   
 8 De folk, velsign vår Gud!
          Lat lovsongen lyda for han.
          
   
 9 Han held oss i live
          og lèt ikkje våre føter vakla.
          
   
10 For du har prøvd oss, Gud,
          reinsa oss som dei reinsar sølv.
          
   
11 Du lét oss gå i garnet,
          du la ei bør av motgang på våre hofter.
          
   
12 Du lét menneske ri over våre hovud,
          vi gjekk gjennom eld og vatn.
          Så førte du oss ut til overflod.
          
   
13 Eg kjem med brennoffer til ditt hus,
          eg vil halda det eg lova deg,
          
   
14 det leppene tala,
          det munnen sa då eg var i naud.
          
   
15 Eg gjev deg feite dyr som brennoffer
          saman med røyken av vêrar.
          Eg ofrar både oksar og bukkar.
          
   
16 Kom og høyr, alle de som fryktar Gud,
          eg skal fortelja kva han har gjort mot meg.
          
   
17 Min munn ropa til han,
          på tunga var det lovsong.
          
   
18 Hadde eg urett i sinne,
          ville Herren ikkje ha høyrt meg.
          
   
19 Men Gud har høyrt!
          Han vende øyret til mi bøn.
          
   
20 Velsigna er Gud.
          Han la ikkje mi bøn til side
          og tok ikkje frå meg si miskunn.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

26. mai 2022

Dagens bibelord

Johannes 17,1–5

Les i nettbibelen

1Då Jesus hadde sagt dette, lyfte han auga mot himmelen og sa:«Far, timen er komen. Lat herlegdom lysa om Son din, så Sonen kan la herlegdom lysa om deg. ... Vis hele teksten

1Då Jesus hadde sagt dette, lyfte han auga mot himmelen og sa:«Far, timen er komen. Lat herlegdom lysa om Son din, så Sonen kan la herlegdom lysa om deg. 2For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv. 3Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus. 4Eg lét herlegdom lysa om deg på jorda då eg fullførte det verket du gav meg å gjera. 5Så lat no herlegdom lysa om meg, Far, den herlegdom eg hadde hos deg før verda vart til.