Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
72Av Salomo. Gud, lær kongen å dømma som du, gjev kongssonen di rettferd! 2 Han skal dømma ditt folk med rettferd, dine hjelpelause med lov og rett! 3 Fjella skal gje folket fred og haugane bera rettferds frukt. 4 Han skal la dei verjelause i folket få sin rett, han skal berga dei fattige. Undertrykkjaren skal han knusa. 5 Lat han leva frå slekt til slekt, så lenge sol og måne er til! 6 Han skal koma som regn på nyslegen eng, lik ei regnskur som vatnar jorda. 7 Rettferd skal spira i hans dagar og freden vera stor til månen forgår. 8 Han skal styra frå hav til hav, frå Storelva til heimsens endar. 9 Dei som bur i ørkenen, skal bøya seg for han, fienden skal slikka støvet. 10 Kongar frå Tarsis og fjerne strender skal senda skatt til han. Kongane i Saba og Seba skal koma med gåver. 11 Alle kongar skal kasta seg ned for han, alle folkeslag skal tena han. 12 Han bergar ein fattig som ropar, ein stakkar som ingen hjelper. 13 Han bryr seg om fattige og veike, han bergar livet til dei fattige. 14 Han løyser dei frå tvang og vald, deira liv er dyrt i hans auge. 15 Kongen skal leva og få gull frå Saba! Folk skal alltid be for han og velsigna han dagen lang. 16 Lat kornhaugane bli høge som fjell, grøda bølgja som Libanons skog. Lat byane bløma som graset på marka! 17 Lat namnet hans leva til evig tid, skyta friske skot så lenge sola er til! Dei skal velsigna seg ved han, alle folk skal prisa han sæl. 18 Velsigna er Herren, Israels Gud, han som gjer under, berre han, 19 og velsigna er hans herlege namn til evig tid! All jorda skal fyllast med hans herlegdom. Amen! Ja, amen! 20 Bønene av David, son til Isai, er til ende. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
28. mars 2023
9Bryt ut i jubel, datter Sion! Rop av glede, datter Jerusalem! Se, din konge kommer til deg, rettferdig og rik på seier, fattig er han og rir på et esel, på en eselfole. ... Vis hele teksten
9Bryt ut i jubel, datter Sion! Rop av glede, datter Jerusalem! Se, din konge kommer til deg, rettferdig og rik på seier, fattig er han og rir på et esel, på en eselfole. 10Jeg skal gjøre ende på vognene i Efraim og hestene i Jerusalem, krigsbuen skal brytes i stykker. Han skal forkynne fred for folkeslagene, hans velde skal nå fra hav til hav, fra Storelven til jordens ender.
9Bryt ut i jubel, dotter Sion! Rop av glede, dotter Jerusalem! Sjå, kongen din kjem til deg, rettferdig og rik på siger, fattig er han og rid på eit esel, på ein eselfole. ... Vis hele teksten
9Bryt ut i jubel, dotter Sion! Rop av glede, dotter Jerusalem! Sjå, kongen din kjem til deg, rettferdig og rik på siger, fattig er han og rid på eit esel, på ein eselfole. 10Eg vil rydda ut vognene i Efraim og hestane i Jerusalem, stridsbogen skal brytast sund. Han skal tala fred for folkeslaga, hans velde skal nå frå hav til hav, frå Storelva til endane av jorda.
9Čuorvvo ilus, nieida Sion, ávvut sakka, nieida Jerusalem! Geahča, du gonagas boahtá. Son lea vanhurskkis ja buktá bestojumi, son lea vuollegaš, son riide áseniin, nuorra ásenoriin. ... Vis hele teksten
9Čuorvvo ilus, nieida Sion, ávvut sakka, nieida Jerusalem! Geahča, du gonagas boahtá. Son lea vanhurskkis ja buktá bestojumi, son lea vuollegaš, son riide áseniin, nuorra ásenoriin. 10Son duššada soahtevovnnaid Efraimis ja heasttaid Jerusalemis, son doadjá soahtedávggiid. Son gulaha álbmogiidda ráfi, su váldi ollá mearas merrii, Eufrata rájes gitta máilmmi ravddaid rádjái.